Kristoffer Johan Valvik Kristoffersen er blant dei unge skatarane som no boltrar seg i den nye parken.
Anlegget er på vel 800 kvadratmeter. Det er støypt på staden, lyssett og delvis takoverbygd.
Johannes Gjøringbø har sjølv skata i minst fire år. Han er svært takksam for at politikarane endeleg forstod kor viktig det var for skatarane å få eit eige område dei kunne boltre seg på.
Skateparken ved ungdomsskulen er lyssett. Dermed kan ungdomane bruke anlegget også om kveldane. Takoverbygget gjer at det kan brukast året rundt.