Dette i tillegg til 15.000 underskrifter meiner han vil gjere så stort inntrykk på styra i Helse Førde og Helse Vest at dei ikkje rører sjukehuset. Det betyr at om lag halvparten av innbyggjarane i Nordfjord har skrive under.
Med i fakkeltoget blir og stortingsrepresentantane Magne Aarøen og Sverre Hoddevik. Og det kjem representantar frå styra i både Helse Førde og Helse Vest til Nordfjordeid i kveld. Nils Støyva er sikker på at aksjonen vil gjere inntrykk på dei.