Hopp til innhold

Kvinne i 60-åra må på nytt møte i retten - politiet godtek ikkje frifinnande dom

Trafikkulukka ved Movika i Førde i fjor skal gjennom ei ny runde i rettsapparatet. Politiet godtek ikkje frifinninga av kvinna i 60-åra.

Ulykke ved Movika

SKADD: Ein skulegut i tenåra vart sendt til sjukehus med alvorlege brotskadar etter at han vart påkøyrd i Movika i oktober i fjor.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Kvinna vart i Fjordane tingrett frifunnen for aktlaus køyring i april i år, etter at ho i oktober i fjor køyrde på ein gut i tenåra.

Guten sprang ut i vegen framfor bussen, medan kvinna kom bak. Både kvinna og bussen køyrde i retning Jølster.

– Eg meiner det ikkje kjem fram noko i dommen som tilseier frifinning, og meiner kvinna skulle vore domfelt etter tiltalen, seier politiadvokat Ragnhild Gram Skår til NRK.no.

– Feil frifinning

Den frifinnande dommen fall 8. april , og anken var sendt ei vekes tid seinare. Ankefristen er to veker. Saka har allereie kome gjennom hos Gulating lagmannsrett, men datoen er førebels ikkje fastsett.

Fleirtalet i tingretten meinte kvinna heldt låg fart og at det ikkje kunne forventast at ho skulle redusere den ytterlegare eller stogge heilt opp då ho passerte bussen.

– Tidvis kjem det fram ting under hovudforhandlinga som gjer at ein ser at ei frifinning er rett, men her meiner eg det er feil. Det er ei viktig sak om fokus på trafikktryggleik, seier Gram Skår.

– Konstaterer at vi er usamde

– Både eg og klienten min er overraska over at dei vil prøve saka på nytt, seier advokat Erik Slotterøy til NRK.no.

Han viser til at klienten hans er kjent med at politiet no ankar saka til lagmannsretten, og at vedkommande tek det med fatning.

– No får vi sjå kva som skjer i neste runde. Vi må prøve å belyse saka betre, kanskje med ei synfaring på staden, seier Slotterøy.