Miljøvernminister Børge Brende sette tidlegare i vår foten ned for planane om helikopterturisme til fjelltoppen – til liks med miljøverministeren i 1999, Guro Fjellanger.
Restaurant og helikoptertransport
Veitastrondingane ønskjer å byggje ein restaurant på Kalda-Kari og frakte turistar opp med helikopter. Problemet er at toppen ligg innanfor grensene til Jostedalsbreen nasjonalpark, og Stortinget må endre nasjonalparkgrensene dersom planane skal bli noko av.
Men no er det på nytt mulig at veitastrondingane kan å få realisert planane. I august kjem FrP-leiaren på synfaring i sognebygda, og til hausten vil partiet ta saka opp i Stortinget.
Ny von for dei som ønskjer helikopterturisme til Kalda-Kari