Hopp til innhold

Ny resultatlaus leiting

Jaktlaget i Jostedalen har vore ute å leita etter bjørnen i heile natt etter at det på nytt vart funne bjørnespor i måndag kveld.

Men leiar i Skjolden sankelag, og talsmann for fellingslaget, Arne Rebni Øvreås seier dei avslutta jakta i dag tidleg.

- Vi har leita etter spor og kadaver det meste av natta, men ingenting nytt har blitt oppdaga, seier han.

Jakta innstilt

Einar Fortun med lam som er drepe av bjørn.
Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

Og difor er altså jakta på bjørnen innstilt igjen. Seint i går kveld vart det observert nye bjørnespor i Krundalen, og også i helga vart det funne spor etter bamsen ein annan stad i dalen. I tillegg er det meldt om to nye sauekadaver, men desse er truleg drepne for fleire dagar sidan. Fjelloppsynsmann Einar Fortun har vore i Krundalen for å sjå spora i dag, men kan ikkje fastslå kor ferske dei er.

- Han som såg dei først dekka over dei og han meiner at det ikkje hadde regna i spora. Det virkar til å vere ganske ferskt, men å vere sikker er heilt umogleg, seier han.

15 sauer drepne

Totalt har no bjørnen drepe sju sauer i Jostedalen, seks i Fjærland og to i Gaular. På grunn av uvisse rundt kor ferske dei siste spora i Jostedalen er no alle i fellingslaget permitterte.

- Folk må spare på kreftene sidan dette kan bli langvarig. Så lenge vi ikkje veit kvar bjørnen er, vel vi å permittere laget inntil vidare. No vert oppsyn med sauene prioritert, seier Arne Rebni Øvreås.