Hopp til innhold

Rasmus Stokke vert ny rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

I eit styremøte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har styret avgjort at dekan Rasmus Stokke vert ny rektor i 2015.

Rasmus Stokke vert ny rektor

NY REKTOR: Rasmus Stokke har vore dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane dei åtte siste åra. 1. august neste år tek han over som rektor etter at åremålet til noverande rektor, Åse Løkeland, går ut neste år.

Foto: Pressefoto

I eit ekstraordinært styremøte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i dag, var den viktigaste saka tilsetjing av ny rektor.

Rasmus Stokke vert ny rektor ved høgskulen i Sogn og Fjordane i løpet av 2015.

– Ein stor strateg

Stokke har vore dekan for Avdeling for lærarutdanning og idrett dei siste åtte åra. Han har jobba ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i nesten 40 år, sidan 1976.

Han tek over stillinga som rektor 1. august til neste år, når åremålet til noverande rektor, Åse Løkeland, går ut.

Heidi-Kathrin Osland er styreleiar for Høgskulen i Sogn og Fjordane og har leia tilsetjinga av ny rektor. Ho er sikker på at dei no har funne rett mann for jobben.

Heidi Kathrin Osland

STYRELEIAR: Heidi-Kathrin Osland er styreleiar for Høgskulen i Sogn og Fjordane og er trygg på at dei har funne rett mann i jobben som høgskulerektor.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har hatt veldig gode søkjarar til stillinga, så vi har jobba grundig og ordentleg i denne prosessen, og vi fall til slutt ned på Rasmus, fortel Osland, og seier at Stokke sin kjennskap til utdanningssektoren har vore vektlagt i tilsetjinga.

Kva forventningar har de til Stokke som rektor?

– Han er ein stor strateg, og vi forventar at han vil ta gode, strategiske avgjerder saman med administrasjonen. Vi forventar at han vil peike ut kursen vidare, at han er tydeleg, og at han gjennomfører dei måla han sett seg.

Ein travar i høgskulemiljøet

Strategien til Høgskulen i Sogn og Fjordane i åra som kjem er å sikte høgare og tilby relevant utdanning av høg kvalitet, i tillegg til at dei vil bli enda betre på forsking. Rasmus Stokke skal i åra framover jobbe opp mot denne strategien.

– Når du trer inn i stillinga som rektor, har du vore tilsett ved høgskulen i nesten 40 år. Korleis følast det å skulle bli rektor no?

– Ja, det er jo veldig lenge sidan eg byrja å jobbe ved Høgskulen, eg har og jobba utanfor Høgskulen og sett institusjonen utanfor. Det var ei viktig erfaring som eg vil ta med meg, byrjar den nye rektoren:

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på utfordringane. Eg kjenner Høgskulen veldig godt frå innsida. Det er jo menneska som er kapitalen før Høgskulen, det er kunnskap vi lever av, og det å kunne bidra til å få til aktivitetar som utfordrar og utviklar kunnskapen, det er viktig når eg skal ta denne rolla.

– Kva vil vere dei store utfordringane i jobben, trur du?

– Vi ligg jo i eit distrikt, og har ikkje stort omland, så rekrutteringsutfordringa vil vi møte i framtida. Og da gjeld det å vere god og ha eit godt omdøme, ha gode samarbeidsrelasjonar og rykte, seier Stokke avslutningsvis.