NRK Meny

Ny rekord i innsamling

Sygna vidaregåande skule i Balestrand samla inn 650.000 kroner på sitt årlege misjonsløp, der elevane får pengar av sponsorar etter kor mange rundar dei greier å springe på 90 minutt. Det er ny rekord, skriv Sogn Avis. Undervisningsinspektør Frode Bøtun opplyser til NRK at pengane går til fleire tiltak i Mali og Elfenbenskysten, mellom anna lesetrening for analfabetar og hurtigopplæring av ungar som har falle utanfor skulen. Nokre av pengane går også til misjonsarbeid.

Misjonsløpet på Sygna
Foto: Elisabeth Frafjord Nessa
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.