Hopp til innhold

Ny nasjonalpark i Luster

Regjeringa oppretta fredag Breheimen nasjonalpark. Parken med omliggjande landskapsvernområde og naturreservat ligg i Luster i Sogn og Fjordane og Lom i Oppland.

Tverrådalskyrkja med rein på Sjellflye i Breheimen nasjonalpark

Tverrådalskyrkja med rein på Sjellflye i Breheimen nasjonalpark.

Foto: Per Steinar Løkken

Breheimen Nasjonalpark er den første nasjonalparken som er oppretta etter den nye naturmangfaldslova, og den 32. nasjonalparken på fastlandet.

Statsministeren kjem

Parken vert opna neste helg av statsminister Jens Stoltenberg. Finansminister Kristin Halvorsen, samferdsleminister Liv Signe Navarsete og miljøvernminister Erik Solheim vil også vere tilstades.

Det vert opningssermoniar i både Skjåk, Lom og Luster. I Sogn vil også fornyingsminister Heidi Grande Røys delta.

Mangfald

Nasjonalparken skal sikre biologisk mangfald og eit spektakulært landskap for ettertida, heiter det i ei pressemelding. Verneområda er kontrastfylte med grøne dalar, verna vassdrag, snaufjell og brear.

- Å sikre sentrale villreinområde er ein viktig del av formålet med verneplanen, opplyser regjeringa.

I omlag 6000 år har menneska nytta Breheimen. Vi finn spor etter aktivitet heilt tilbake til yngre steinalder. Dyregraver, fangstanlegg, stølar og ferdselsvegar vitnar om tidlegare tiders bruk.

- Lov å bruke parken

Det vil framleis vere lov å ha dyr på beite i området, plukke bær og matsopp, vedlikehalde stiar, bygningar og liknande. Men all ferdsel må skje varsamt, og ein må ta omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Det er strenge restriksjonar knytta til motorferdsel.

I tillegg vert landskapsvernområda Strynefjellet, Mysubytta, Høydalen, Mørkridsdalen og Vigdalen samt Høyrokampen naturreservat oppretta. Verneplanen omfattar til saman nesten 1794 km2.

Heller i Strynefjellet landskapsvernområde

Heller i Strynefjellet landskapsvernområde.

Foto: Eldrid Nedrelo, Direktoratet for naturforvaltning