Håpet er å få bukt med den frykta lakseparasitten gyrodaktylus salaris utan å skade villaksen.
Espen Lydersen frå NIVA leiar kampen mot parasitten i Lærdal. Foto: Gunnar Sandvik.
Unikt
Det er første gong at aluminium blir brukt på denne måten i så stor målestokk, seier prosjektleiar Espen Lydersen.
- Det er spesielt at vi no har eit stoff som berre tek parasitten og ikkje tek verten. Dette er unikt - eg veit ikkje om det er gjort nokon annan stad i verda, seier Lydersen.
Frå før er det gjort forsøk i Batnfjordelva i Møre og Romsdal, og resultat frå der er svært lovande, seier Lydersen.
Protestar mot rotenon
Liten skapning - men dødeleg for villaksen
Det er no åtte år sidan det vart påvist gyrodaktylus salaris i Lærdalselvi - Med stor merksemd frå media og til høglytte protestar frå naturvernarar har elva to gonger vore behandla med den omstridde plantegifta rotenon utan at dei har klart å ta knekken på den frykta lakseparasitten.
Ingen skade
- Vi trur vi kan lukkast denne gongen, men vi kan ikkje utelukke tilbakefall. Men i motsetning til med rotenonbehandling har vi i tilfelle ikkje gjort nokon skade og kan behandle elva på nytt, seier Lydersen.