Ny E39-bru

Innan 1. oktober i år skal ei ny bru stå klar på E39 ved Sagefloten i Gloppen, skriv Firda Tidend. Den gamle brua fekk store skadar under flaumen i indre Nordfjord i juli 2017. Ei mellombels bru og nedsett fartsgrense har vore løysinga fram til no. Statens vegvesen håpar på byggjestart i månadsskiftet februar/mars.