NRK Meny

Ny administrerande direktør

André Høyset er konstituert administrerande direktør i Fjord1. Det opplyser selskapet i ei pressemelding i dag. Høyset tek over for Dagfinn Neteland, som trakk seg etter at fylkeskommunen vedtok å selje aksjeposten på 51 prosent til konkurrenten Torghatten. I pressemeldinga rosar styret jobben Neteland har gjort for selskapet. På nyåret startar arbeidet med å få på plass ein fast person i stillinga.