Hopp til innhold

NVE åtvarar mot flaum

Det er venta til dels store nedbørsmengder i løpet av dagen, og NVE har gått ut med eit flaumvarsel for heile Sør-Norge.

Det er hovudsakleg Austlandet som får nedbøren, men snøsmelting kombinert med ein del nedbør kan også føre til auka vassføring på Vestlandet.

I høgfjellet kan det også bli gjensyn med nedbør som snø.

– Nedbøren kan kome som snø over 1000 meter, seier statsmeteorolog Tone Kristin Taule hos Vêrvarslinga.