NRK Meny
Normal

Sjå opningskonserten på Førdefestivalen direkte i nett-TV

NRK.no overfører opningskonserten under Førdefestivalen. Du kan sjå konserten direkte i nett-TV her.

Direktestrømming frå opningskonserten i Førdehuset

Sendinga i nett-TV startar klokka 19:30. Opningskonserten er leia av konferansier Finn Tokvam.

Frå scena i Førdehuset kan du sjå artistar frå sju land og tre kontinent, som alle har teke dei lokale musikktradisjonane sine på alvor, og gjort dei til ein global musikkarv.

Desse skal delta med musikalske innslag: Amsterdam Klezmer Band (Nederland), Mahsa & Marjan Vahdat (Iran), MP3 - Mattias Pérez Trio (Sverige), Sigrid Moldestad / John Oddvar Kandal (Norge), Trio Teriba (Benin) og Talent 2014 (Peru, Venezuela og Norge).

Du kan dessutan sjå konserten i opptak på TV seinare på kvelden. Opningskonserten blir vist på NRK2 frå klokka 22:50 torsdag kveld.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote