Hopp til innhold

Slik skal dei markere 25-årsjubileet

Førdefestivalen utvidar med éin dag, inviterer tidlegare festivalartistar tilbake, og satsar på både lokale og globale artistar i jubileumsåret.

Burundi Drummers

HEFTIGE RYTMAR: Burundi Drummers har sidan 1960-åra vore rekna for å vere blant pionerane innan verdsmusikken. I sommar kjem dei til Sunnfjord.

Foto: Pressefoto

Hilde Bjørkum

SER TILBAKE: Festivalsjef Hilde Bjørkum har invitert fleire tidlegare festivalartistar tilbake til 25. årsjubileet.

Foto: Bård Siem
Sigmund Eikås

FJORDING: Sigmund Eikås er ein av mange artistar frå Sogn og Fjordane som blir å finne på den 25. internasjonale folkemusikkfestivalen.

Foto: NRK
Ana Moura

TILBAKE I FØRDE: Portugisiske Ana Moura.

Foto: Pressefoto
Karl Seglem

LOKAL: Årdølen Karl Seglem er klar for Førdefestivalen.

Foto: Norsk Jazzforum
Synnøve Bjørset

LOKAL: Felespelar Synnøve Bjørset frå Jølster.

Foto: Vegard Fimland
Hekla Stålstrenga
Foto: Brynjar Erdahl

– Temaet i år, Lokal – global i 25 ÅR, illustrerer det festivalen har stått for sidan starten, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Sidan starten i 1990 har Førdefestivalen, eller Førde internasjonale folkemusikkfestival, presentert musikk med røter i kulturar frå heile verda.

Kjem tilbake

Når årets festival går av stabelen i Førde 2. – 6. juli vil publikum få gjensyn med fleire av artistane som har gjesta festivalen opp gjennom åra.

Blant desse er fadostjerna Ana Moura frå Portugal og serbiske Divna med sitt vokalensemble, som heldt konsert i Førde kyrkje for nokre år sidan.

Gjensyn vert det også med gruppa JPP frå Finland, som stod på scena på den aller første festivalen i 1990. Festivalleiinga lovar at jubileumsfeiringa når sitt høgdepunkt laurdag 5. juli, med ein gallakonsert som har tittelen «Gjensynsglede».

Storsatsing frå fylket

Festivaldirektøren seier festivalen i år vil understreke folkemusikken som eit globalt språk med identitet og røter.

– Ikkje minst her i vårt eige fylke har vi mange musikarar som tek dei lokale musikktradisjonane på alvor, seier Bjørkum.

Ho rosar politikarar og byråkratar som ho meiner for støtta 25. årsjubilanten, som i dag har status som knutepunktfestival, har fått.

– Til dømes var tidlegare fylkeskultursjef Lidvin M. Osland sentral ved etablering av festivalen, folkemusikkarkivet og fylkesmusikarane innan folkemusikk i Sogn og Fjordane.

På årets festival vil publikum bli servert ein eigen konsert med det Bjørkum kallar kremlaget av folkemusikarar frå Sogn og Fjordane.

Fredag blir 4. juli står Unni Løvlid, Sigrid Moldestad, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, Karl Seglem, Sigmund Eikås, John Oddvar Kandal, Erlend Apneseth med fleire på same scene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordnorsk radio-pop

Førdefestivalen lovar også moderne nordnorsk folkemusikk. Hekla Stålstrenga har erobra heile landet med sin heklamusikk, i kryssingspunktet mellom folkemusikk og populærmusikk.

Ragnhild Furebotten og Anne Nymo Trulsen frontar bandet, som i tillegg til Spellemannprisnominasjon også har vore A-lista for radiospeling i NRK P1.

I året då Norge feirar grunnlova, vil festivalen også å løfte fram det fleirkulturelle samfunnet vårt og verdien dette har. Søndag 6. juli vert det ein Fargefest, med over 80 aktørar på scena.

Burundi-trommer

Endeleg har det lukkast å få legendariske Burundi Drummers til Førde. Desse pionerane i verdsmusikken har turnert sidan 60-talet. Heime i Burundi er musikken deira heilag og gjerne knytt til dei kongelege eller til åndelege ritual.

Det vert sagt at ingen går upåverka frå ein konsert med Burundi Drummers, og for at alle skal få sjansen til å oppleve dei, inviterer festivalen til stor gratiskonsert på Torgscena laurdag 5. juli.

Ekstra festivaldag med stor tango

For aller første gong startar Førdefestivalen allereie onsdag i festivalveka, og hovudarrangementet her blir den store tangoframsyninga, Tango Azul.

Tango Azul frå Argentina er seks dansarar, ein songar og fem musikarar som møtest i tangobaren Milonga i Buenos Aires og utvekslar livshendingar gjennom sensuell tango, musikk og song.

Tangokurs står sjølvsagt også på programmet!

Skal drøfte blå kulturpolitikk

Også denne gongen inviterer festivalen, i samarbeid med mellom anna Høgskulen i Sogn og Fjordane til kulturkonferansen Førdekonferansen.

– Med Førdekonferansen har vi skapt ein god møteplass for aktørar i kultur- og næringsliv, og ein viktig arena for dagsaktuelle problemstillingar. I år er temaet «Ny kulturpolitikk med ny regjering», fortel Bjørkum.

Desse er klare for Førdefestivalen:

  • Ana Moura (Portugal)
  • JPP (Finland)
  • Burundi Drummers (Burundi)
  • Tango Azul (Argentina)
  • Mattias Pérez Trio (Sverige)
  • Divna (Serbia)
  • Hekla Stålstrenga
  • Storm Weather Shanty Choir, Gjermund og Einar Olav Larsen–Elbjørg og Ragnhild Hemsing, Sigrid Moldestad, Karl Seglem, Unni Løvlid, Synnøve S. Bjørset, Sigmund Eikås, Erlend Apneseth, Astrid Sulheim, Jorunn Marie Kvernberg & Øyvind Sandum (Norge).

Heile programmet til festivalen blir presentert 3. april.