Hopp til innhold

NorSun kuttar 33 stillingar i Årdal

Solcellefabrikken NorSun seier 40 opp av sine tilsette i konsernet. Av desse forsvinn 33 faste stillingar i Årdal.

Norsun Årdal

SEIER OPP: 33 fast tilsette ved solcellefabrikken NorSun i Årdal får i desse varsel om oppseiing.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tidlegare i haust fekk 90 tilsette ved fabrikken i Årdal permitteringsvarsel.

I desse dagar får 33 av dei 233 tilsette ved NorSun beskjed om at dei frå nyttår ikkje har noko jobb å gå til ved solcellefabrikken.

– Vi ser ein heilt annan marknadssituasjon inn mot 2013 enn det vi hadde venta tidlegare, og det som organisasjonen var bygd opp mot. Vi må tilpasse vår organisasjon til eit lågare prisnivå, seier administrerande direktør Bjørn-Olav Brelin.

– Må tilpasse oss

Fabrikken som i 2008 vart opna av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit har slite tungt den siste tida. For årdalssamfunnet er oppseiinga nok ei dramatisk melding.

Frå før har Dooria stengt fabrikkdørene, medan Hydro dei siste åra har kutta 400 stillingar. Brelin vedgår dei står overfor utfordringar.

– Vi kan ikkje leve med det høge kostnivået som vi har, vi kan ikkje påverke korleis marknaden utviklar seg vidare. Det einaste vi kan gjere er å tilpasse oss marknaden så godt vi berre kan, seier han.

Krevjande marknad

Solcelleindustrien har ikkje blitt så stor som ein hadde håpa på. Marknaden er krevjande og i august slo leiinga i REC dotterselskapet Rec Wafer Norway konkurs.

NorSun seier i tillegg opp seks fast tilsette ved administrasjonen i Oslo.

Når NorSun i Årdal har gjennomført sine oppseiingar, vil det vere 178 arbeidsplassar att i industribygda.

Brelin seier dei gjer endringane for å sikre så mange arbeidsplassar som mogleg, men kan ikkje garantere for dei resterande som er att.

– Det er ikkje slik at vi kan seie det er 100 prosent trygge dei som er att. Vi tilpassar oss marknadssituasjonen og må vere konstant budde på å tilpasse oss vidare, seier han.

Framleis permitteringar

Når det gjeld permitteringane som er gjort, seier Brelin at dette er ein prosess som vil gå parallelt med oppseiingane.

– Det er ein mellombels ordning. Dei som er permitterte vil vere permitterte til har fått på plass kvalifisering av eit nytt waferprodukt til vår hovudkunde, seier Brelin..