Hopp til innhold

Norsun landa ny avtale

Solcellefabrikken NorSun i Årdal har skrive under ein ny avtale med eit kinesisk selskap.

NorSun

NY AVTALE: Avtalen som NorSun har sikra seg med eit nytt kinesisk selskap, gir grobotn for ny optimisme for solcellefabrikken i Årdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Administrerande direktør, Bjørn-Olav Brelin, seier til Sogn Avis at det er ein beskjeden kontrakt som ikkje vil få følgjer for dei 63 tilsette som er permitterte i dag.

– Men den har stort potensiale til å utvidast i framtida, seier han til avisa.

Optimismen stig

Industrikommunen Årdal legg bak seg nokre tøffe år, med Dooria-konkurs og nedbemanning både hos Hydro og NorSun. I november sendte sistnemnde ut permitteringsvarsel til samtlege av sine tilsette .

Brelin kan ikkje seie namnet på verksemda, men seier til avisa at kineserane har store vekstplaner. At dei også forhandlar med fleire andre gjer han meir positiv enn tidlegare.

– Vi har ein god del gode prosessar på gang, og vi ser tendensar hos kundane våre til at volumet i bestillingane deira vil auke neste år. Dette gjeld særleg frå midten av året, seier han til Sogn Avis.