Hopp til innhold

Norsun i Årdal må ty til oppseiinga

Solcelle-produsenten Norsun i Årdal vil i løpet av det komande året gå til oppseiing av tilsette for å tilpassa seg ein vanskeleg marknad.

Norsun og Hydro

TØFFE TIDER: Industrien i Årdal har vore gjennom tøffe kutt. No står Norsun for tur.

Foto: Fotomontasje

– Eg forventar at vi kjem til å måtte nedbemanne for å imøtekoma det neste året som blir eit krevjande år, seier administrerande direktør i Norsun, Bjørn-Olav Breilin, til Sogn Avis.

Han vil ikkje gå i detaljar på kor mange tilsette som må gå. Fabrikken har i dag over 230 tilsette.

Sterkt prisfall

– Prisane har falle, og dei held fram med å falle meir enn forventa. Dn marknadsoppgangen som vi har venta lenge på, må vi halde fram med å vente på, og vi ser store utfordringar for det neste året, seier Breilin til avisa.

Tillitsvald for dei tilsette på Norsun, Steinar Fodnes, seier til Sogn Avis at det ikkje er uventa, men at det er veldig trist for både tilsette og bygda.

– Det ser ikkje særleg lyst ut, Vi håpar og trur det skal snu, men det tek tid. Folk tykkjer det er sørgjeleg, seier Fodnes

– Tøffe tider

Det har vore tøffe tider for industrien i Årdal dei siste åra. Nedlegginga av dørfabrikken Dooria, og store kutt i arbeidsstokken til Hydro, gjer at årdølene langt fra er så optimistiske for framtida som før.

– Det er klart at det er tøffe tider, og Årdal har vorte råka hardt dei siste åra. Men me skal komma oss gjennom dette på best mogleg måte, det må vi berre, seier ordførar Arild Ingar Lægreid til Sogn Avis.

– Staten bør betale for flytting

Denne veka gjekk økonomiprofessor Lars Mathiesen ved Norges Handelshøyskole ut i NRK med ein dødsdom over industristader som til dømes Årdal, Høyanger og Husnes.

– Eg synest samfunnet burde vere meir behjelpelege med å kjøpe huset deira, slik at dei har råd til å etablere seg, som til dømes her i Hordaland, ved kysten, der det er enorm etterspurnad frå oljesektoren, sa Mathiesen.

Giske er usamd

Næringsminister Trond Giske er svært usamd med professoren, og sler fast at regjeringa står på ei haldning om å sikre arbeidsplassar i utsette industrisamfunn.

– Dei ulike industribedriftene våre, også dei kraftkrevjande, jobbar etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Dei inngår langsiktige kraftkontraktar som er bra både for kraftprodusentane og dei kravtkrevjande industribedriftene, sa Giske til NRK.