- Denne kåringa kjem til å få mykje å seia for maknadføringa av fjordane i fylket, seier Ingrid Loftenes, leiar i Sognefjorden Reiseliv og Arrangement.
Breitt ekspertpanel
Saman med 200 ekspertar på berekraftig turisme har National Geografic vurdert 115 av dei mest kjende turistmåla i verda, ut i frå seks kriterium, som har med kor godt bevart, kor lite forureina og kor vakker staden er, samt kor politisk klokt turistatraksjonen vert administrert og halde vedlike.
Betre enn Bahamas
På ein skala frå ein til hundre kjem norske fjordar på ein klar fyrsteplass med 82 poeng, og det i konkurranse med det ypperste av draumeferiemål, Påskeøya, Galapagos og Toscana, Alpane og Bahamas, Den kinesiske muren og Great Barrier Reef i Australia. Uansett kva du drøymer om, norske fjordar er best, om ein skal tru den nye reisemålsindeksen til National Geographic.
Syden på botn
Aller sist på lista over dei 115 reisemåla kjem eitt av dei nordmenn flest reiser til, Costa del Sol på Spanskekysten.