Hopp til innhold

– Har vore ein stor utfartsdag

Tidlegare i dag oppstod det tekniske problem på ein av dei tre ferjene som trafikkerer mellom Lavik og Oppedal på E39. Det førte til lange køar, som no har løyst seg opp.

Ferja Gloppen

HADDE PROBLEM: Ferja «Gloppen» vart fredag ettermiddag teken ut av drift grunna tekniske problem, men skal no vere tilbake i drift.

Foto: Bjarte Løland

– Det har vore ein stor utfartsdag, med mykje trafikk på ferjene, seier vakthavande hjå Fjord1, Tonje Natvik.

Det var i 14.30-tida at ferja «Gloppen» vart sett ut av drift grunna tekniske problem og klokka 16.40 meldte Fjord1 om ein time ventetid på sambandet. No er ferja tilbake i drift, og trafikken har normalisert seg.

– Mannskapet ombord i «Gloppen» melder om nesten tom ferjekai, seier Natvik.

– Jamt stor trafikk

Også på sambandet mellom Anda og Lote vart det meldt om mykje trafikk. Dette i samanheng med arrangering av rockefestivalen Malakoff på Eid.

– Lote-Anda har fulle ferjer, men det ingen bilar som står att. Dei har jamt stor trafikk, seier Natvik.

Også på sambandet Stårheim-Isane på fylkesveg 614 vart det meldt om ein times ventetid tidlegare fredag. Etter ei kort tid der dei klarte å ta unna trafikken, melder Fjord1 klokka 16.45 om ei ventetid på kring 50 minutt ved sambandet.

No har også trafikken på sambandet Stårheim-Isane normalisert seg.

– Mannskapet har meldt om at det gjekk over all forventning, og at det no ikkje er ventetid på sambandet, seier Natvik.

Vart flytande rutetider

Det var ventetida ved Lavik-Oppedal som var lengst, trass i at den tredje ferja var på plass igjen.

– Det vil bli litt flytande rutetider no framover for at vi skal unna mest mogleg trafikk, men utover kvelden vil dei gå inn igjen i dei vanlege rutene, sa Natvik tidlegare i dag.