Hopp til innhold

Nøringset og SV svara for seg

I ettermiddagssendinga måndag var det klart for ei ny utspørjing av dei lokale listetoppane til fylkestingsvalet. I dag var det Norvall Nøringset og SV sin tur.

Norvall Nøringset
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

For over eitt år sidan løfta Nøringset debatten om kva som skal skje med dei vidaregåande skulane i fylket, når elevtalet fell kraftig dei komande åra.

Han bør difor meir enn nokon andre vere klar til å fremje si løysing. Finst nokon veg utanom å leggje ned skular?

Han har sjølv sett si politiske karriere på spel i Vevring-saka, men kva betyr det? Og kvar vart det av innvandrarane på SV sine kommunelister?

Dette er berre nokre av spørsmåla Nøringset måtte svare på då han kom i studio til Erlend Blaalid Oldeide. Då kan sjå utspørjinga i opptak her i nett-TV.

Mista tre mandat

Noralv Distad (H) var tysdag førstemann ut, og onsdag stod Venstre og Marit Barsnes Krogsæter for tur i NRK Sogn og Fjordane si partiutspørjing.

Fredag var det Trude Brosvik og Kristeleg Folkeparti som svarte for seg. Den røynde fylkesleiaren stiller igjen som toppkandidat for partiet. Ho har ikkje fått medvind i gallupen som NRK Sogn og Fjordane presenterte i dag. Der mister KrF eitt av sine tre mandat.

Under fredagens utspørjing, sa ho mellom anna at skulehelsetenesta i den vidaregåande skulen må bli betre. KrF opnar for eit spleiselag mellom kommunen og fylkeskommunen for å kunne betre skulehelsetenesta.

Desse skal i elden i utspørjingane

Her er heile lista over kor tid dei forskjellige partia møter i studio. Du kan også sjå utspørjingane i opptak:

Utspørjinga skjer på direkten i halvtimen mellom klokka 16.30 og 17.00 i ettermiddagssendinga. Den blir sendt direkte både i radio og på nett-TV.