NRK Meny
Normal

Noregsmeister i eigne fjell

Silje Storevik Moe frå Syril vart Noregsmeister i fjelltelemark for kvinner, medan kongepokalen i herreklassen gjekk til Sirdal.

Silje Storevik Moe

Noregsmeister i fjelltelemark, Silje Storevik Moe frå Syril.

Foto: Ørjan Talle

– Det er jo stas å vinna på heimebane. Veldig kjekt, seier Silje Storevik Moe frå Syril Telemark.

Måtte halvera løypa

Torgeir Sværen Henjum

Torgeir Sværen Henjum frå Syril kom på andreplass i herreklassen i fjelltelemark.

Foto: Ørjan Talle

Storevik Moe gjekk heilt til topps i kvinne senior då det vart arrangert NM i fjelltelemark i Systrondfjella laurdag.

- Det var kjekt å få NM hit, og det vart eit bra løp når det vart som det vart. Det var synd me ikkje kunne starta heilt på toppen, men det vart ei bra løype likevel, slår den ferske noregsmeisteren fast.

Det planlagde startpunktet måtte nemleg starten på fjelltelemarkrennet flyttast lenger ned.

- På toppen var det så tett at starten måtte flyttast ned til Fagereggi. Dermed vart berre halve løypa køyrd, men me fekk no trass alt gjennomførd det. Og då fungerte alt bra. Vêret kan me ikkje styra. Det var over hundre deltakarar og stor stemining, seier løypesjef og leiar Syril telemark, Egil Johannes Vangsnes.

Berre nesten kongepokal på heimebane

Pallen

Silje Storevik Moe øvst på pallen, Ronja Vangsnes - også Syril - på 3.plass.

Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad

Og det vart fleire medaljar til Syril. Ronja Vangsnes fekk bronse i kvinneklassen, og Torgeir Sværen Henjum vart nummer to i herreklassen. Han kom i mål to sekundar bak John-Ove Sinnes frå Sirdal Skilag, som dermed kunne reisa heim med ein kongepokal i bagasjen.

- Kor mykje ville du ha gjeve for den kongepokalen?

- Hehe, eg skulle gjeve alvorleg mykje for den kongepokalen. Eg veit om eit par småfeil eg gjorde oppi der, seier Sværen Henjum, som likevel er godt nøgd med sølvmedaljen på heimebane.

Han køyrde med lånte ski og sko og har prøvd fleire skipar dei siste dagane.

- Dei eg enda opp med, hadde eg ikkje prøvd før i dag, men dei var veldig bra, fortel han.

Mange yngre lokale høgt oppe

Også i aldersbestemte klassar gjorde lokale løparar det skarpt i NM-løypa. Olaug Grut Andersen frå Syril Telemark vann landsfinalen for jenter 12-13 år, medan Olav Henjum og Ole-Morten Søderholm, begge Syril, vart nummer ein og to i tilsvarande guteklasse.

I landsfinalen for jenter 14-15 år gjekk Sarah Fiskaa Haugen frå IL Bjørn/Luster Telemark til topps, medan Gunnhild Sofie Vangsnes frå Syril kom på tredjeplass. I landsfinalen for gutar 14-15 år kom Håvard Lefdal Hove og Øyvind Vagstad frå Syril på høvesvis første- og andreplass.

- Imponerande resultat for Syril Telemark, slår leiar for gruppa, Vangsnes, fast

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser