Hopp til innhold

Nordmenn bryt køyre- og kviletida

Norske yrkessjåførar bryt køyre- og kviletida oftare enn utanlandske førarar.

Vogntog i fjellveggen på Hemsedalsfjellet

KJENT SYN: Utanlandske yrkessjåførar har fått eit ufortent dårleg rykte, meiner Tormod Gausdal hos Statens vegvesen. Dette vogntoget stod før helga fast på Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK.no-tipsar

Det viser tal frå trafikkstasjonen i Lærdal så langt i år.

Seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen meiner den einsidige kritikken av utanlandske sjåførar er uberettiga.

– Det fokus som i det siste er lagt eintydig på utanlandske førarar og køyrety, er meir nyansert enn som så, seier Gausdal.

Slit meir med reglane

Fram til 15. november i år har Statens vegvesen i Sogn teke stikkprøvar av 1 420 utanlandske vogntog og 1 000 norske.

Medan 1,9 prosent av utlendingane vart melde for brot på køyre- og kviletida, vart tre prosent av deira norske kollegaer melde for lovbrot.

– Det ser ut som om norske førarar slit meir med køyre- og kviletidsreglane, seier Gausdal.

Vanskeleg å halde

Per Andreas Øren

STADFESTAR: Per A. Øren vedgår at det kan vere vanskeleg å halde køyre- og kvilereglane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fylkesleiar i Norges lastebileigarforbund Per A. Øren vedgår at det kan vere vanskeleg å halde seg til kvile- og køyrereglane.

– Dersom det er alvorlege overtredelsar, så er det ein tankevekkjar. Men dersom det er små overtredelsar for å nå fram til eventuelle heimstader eller kvilestadar så er ikkje det så veldig gale, meiner han og vedgår at det kan vere vanskeleg å halde køyre- og kviletidsreglane.

Står mest fast

– Ein skal nå over mykje i løpet av ein dag. Vanskeleger køyreforhold, skal nå ferje og når det ikkje er plass til å ta kvilen så kan det vere vanskeleg å få dagane og reglane til å gå opp, seier han.

Derimot er utlendingane overrepresentert når det gjeld å stå fast på norske vintervegar.

Årsaka er dels kjettingmangel, dels bruk av lovleg dekktype som ikkje er optimale for norsk vinter, og dels at utlendingar ofte har bilar som ikkje han auke vekta på drivhjula slik mange av dei norske kan.

Ufortent dårleg rykte

Oppslaga om utanlandske trailerar som skaper problem på vegane er mange gjennom vinteren. Mange køyrer med lovlege dekk, men dekk som likevel ikkje eignar seg for norske fjellovergangar.

Øren er samd med Gausdal i at utanlandske sjåførar har fått eit ufortent dårleg rykte. Noko som skuldast at når utanlandske førarar bryt reglane vert saka løyst omgåande og politiet registrerer forholdet i den offentlege loggen, som media

– Ja, det har dei nok. Dei står fast og det er fordi dei ikkje er vande med slike forhold. Men det må klagast på det også, på lik linje med at norske bryt køyre- og kviletida, seier han.