Hopp til innhold

Pilotprosjekt i Aurland kan få globale konsekvensar

Nordic Mining har stor tru på global suksess etter eit omfattande prøveprosjekt med utvinning produksjonsmateriale til aluminium frå mineral frå Gudvangen.

Utskipingskai Gudvangen

GULL AV GRÅSTEIN: Anortositt-forekomstane i Norge, som her i Gudvangen, kan syne seg å bli svært verdifulle. Her frå utskipingsområdet i Gudvangen.

Foto: NRK

Mineralet anortositt, som det mellom anna finst mykje av i fjellområda i Nærøydalen i Aurland, kan danne grunnlag for ein langt lettare og meir miljøvenleg produksjon av stoffet alumina.

Dette stoffet er grunnlaget for å produsere metallet aluminium, som er heilt sentralt i mellom anna Årdal og Høyanger.

– Det viktige med denne prosjektfasen er at vi får testa sentrale deler av denne nye prosessen i eit pilotanlegg som gjenspeglar produksjon i industriell skala. Ein kan finne ut mykje spanande i laboratoriet, men ein er nøydd til å teste det i større skala for å vere trygge på at dette kan bli ein industri i framtida, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Har selt aksjane

Grunna tøffe økonomiske tider, har selskapet valt å trekkje seg ut frå produksjonen av anortositt i Gudvangen. Men Fossum utelukkar ikkje på nokon måte at Nordic Mining seinare vil involvere seg i denne mineralproduksjonen.

– Vi skal slett ikkje utelukke at det på sikt kan vere aktuelt å sjå på dette mineralet i Norge som eit råstoff til ein slik prosess. Men gjeve den risikoen som vi har blitt påført i vår, mellom anna frå norske politikarar, så er vi no nøydde til å fokusere våre ressurar og styrke vår finansielle evne, og det var grunnen til vårt salg i Gudvangen, seier Fossum.

Pilotprosjektet som Nordic Mining har gjennomført med mineral frå Gudvangen syner at dette no er ein prosess som både er teknisk gjennomførbar og som brukar lite energi.

Aksjekursen rett til værs

Aksjekursen til Nordic Mining steig med nær 10 prosent då dei slapp nyheita om at dei har lukkast med prøveprosjektet.

– Det er klart at potensialet her i eit globalt perspektiv kan vere veldig store. Dei viktige drivarane er at ein kan få til ein produksjonsprosess som har fleire tilleggsprodukt frå mineralråstoffet og som er langt meir miljøvenleg, sler Fossum fast.