Hopp til innhold

Kritiserer Nordfjord Vekst for ikkje å vere til stades

Nordfjord Vekst skal syte for vekst i Vågsøy, Selje og Eid, men får kritikk for manglande resultat i evaluering.

Alfred Bjørlo

GIR KRITIKK: Eid kommune og ordførar Alfred Bjørlo gir selskapet Nordfjord Vekst kritikk for å ikkje vere nok til stades.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Nordfjord Vekst er eigd av Vågsøy, Selje og Eid kommunar saman med næringslivet for å legge til rette for næringsutvikling og folkevekst.

Men tilbakemeldingane frå ei undersøking i næringslivet i vinter var svært så lunkne til selskapet. Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, vil likevel at kommunen skal halde fram i selskapet, og har eit samrøystes kommunestyre med seg.

– Ein er på rett veg. Det er positivt å ha eit felles næringsselskap, men her er klare forbetringspunkt som må rettast opp, seier han.

Scorar lågt

Geir Arne Solheim

SCORAR BERRE 2: Nordfjord Vekst og styreleiar Geir Arne Solheim får berre 2 på ein skala frå 0 til 5 på alle spørsmåla i evalueringa.

Foto: Havkraft

Ordføraren vel å sjå positivt på det, trass i at tilbakemeldingane frå næringslivet i ei undersøking gjort i desember var lunkne til Nordfjord Vekst.

På ein skala frå 0 til 5 fekk i snitt Nordfjord Vekst kring 2 på alle spørsmål i undersøkinga.

Styreleiar i Nordfjord Vekst Geir Arne Solheim seier selskapet etter at undersøkinga vart gjennomført har fått ein ny giv, med nytt styre, ny dagleg leiar og nye tilsette, og seier dei vil lære av kritikken.

– Nordfjord Vekst er eit unikt samarbeid her og det har tatt tid før det har gått seg til. Det er eit nytt team som skal forvalte dette framover, seier han.

Hevdar dei er på rett spor

Også administrasjonen i Eid kommune kjem i si evaluering med kritikk av vekstselskapet som politikarane i Nordfjord brukar 2 millionar kronar på i året.

Kommunen er kritisk til at det ikkje er etablert eit kontaktpunkt i Eid. Det har vore dårleg samhandling, og dårlege rutinar for informasjonsformidling. Også forvaltningspraksisen i næringssaker er kritikkverdig meiner kommunen.

Førre veke vedtok kommunestyret i Eid seks punkt for eit betre Nordfjord vekst, derfor trur ordførar Alfred Bjørlo på at kritikken av Nordfjord Vekst no er over.

– Vi er på rett spor og vi har fått på plass ei ny leiing i selskapet, som er tydlege på dei same punkta som vi i kommunen har etterlyst; at selskapet skal vere meir synlege og til stades, samt bli meir profesjonelle knytt til gründerkontakt og kommunalt næringsfond, seier han.