Hopp til innhold

Nordfjord Kjøtt tener mindre pengar

Verksemda fekk eit resultat før skatt på 94,8 millionar kroner i 2014. Noko som er 70,1 millionar kroner dårlegare enn i 2013.

Nordfjord Kjøtt

IKKJE LIKE LUKRATIV: Nordfjord Kjøtt tente om lag 70 millionar kroner mindre i 2014 enn i 2013.

Foto: Bård Siem / NRK

Nedgangen blir i årsmeldinga forklart med sviktande marginar.

Ifølgje årsmeldinga fekk ein ikkje den omsetnadsveksten ein hadde forventa. Trenden frå 2013 med redusert omsetnad heldt fram i fyrste halvdel av 2014.

Andre halvår gjekk ifølgje Nordfjord Kjøtt betre, slik at omsetnaden totalt sett nærma seg resultatet frå 2013.

– Marknadstilhøva endrar seg fort, og marginane er under konstant press, så difor er det naudsynt å kontinuerleg jobbe med tiltak som sikrar optimal konkurransekraft, heiter det i årsmeldinga.

Nordfjord Kjøtt som er hovudleverandør av kjøtvarer til Rema 1000 omsette for over 2,2 milliardar i 2014.

Dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, ønskjer ikkje å kommentere resultatet.