NRK Meny
Normal

Nordfjord får akuttpsykiatrisk legevakt

Helse Førde og seks Nordfjord-kommunar går saman om eit akuttpsykiatrisk tilbod unikt for Sogn og Fjordane.

Nordfjord sjukehus
Foto: Nyhetsspiller

Dette gjer at innbyggjarane får tilgang til psykiatrisk og rusfagleg hjelp heile veka, døgnet rundt, heiter det i ei pressemelding frå Helse Førde.

Det nye tilbodet vart lagt fram på Samhandlingskonferansen i Førde i dag, der avdelingsoverlege Trond Fjetland Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter drog fram det kommande samarbeidet mellom Helse Førde og kommunane som eit konkret døme.

Skal evaluerast etter eitt år

Det nye tilbodet skal samarbeide med og vere samlokalisert med den somatiske legevakta ved Nordfjord sjukehus, og består av ambulant team ved Nordfjord psykiatrisenter og kriseplassar ved psykiatrisenteret.

Kommunane som deltek er Stryn, Selje, Eid, Vågsøy, Hornindal og Gloppen.

Føresetnaden for at tilbodet skal bli ein realitet, er det tette samarbeidet mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Tilbodet skal prøvast ut og evaluerast etter eitt år.

Gir fire nye stillingar

Det akutte døgntilbodet betyr fire nye stillingar, der to vert finansierte av Helse Førde medan kommunane går saman om å finansiere dei to andre. Dette gjer til at fagpersonar vil vere tilgjengelege døgnet rundt.

– Vi har arbeidd lenge med denne modellen. Berre det å få seks ulike kommunestyre til å fatte positive vedtak har vore litt av eit C-moment, seier Aarre i pressemeldinga.

Målet er å få tilbodet opp å gå så raskt som råd.

– Truleg kjem vi i gang i løpet av sommaren. Det står att ein del forhandlingar rundt vaktplanar og beredskap, men dette har teke ein del tid lenger enn ein rekna med, seier Aarre.