Hopp til innhold

Nordausten stansar batteriferja - og det kan skje igjen

Norled innrømmer at det kom overraskande på dei at batteriferja Ampere får problem med å leggje til kai på Oppedal når vinden går hardt på nordaust. Fleire avgangar har blitt kansellert onsdag.

"Ampere"

FEKK LADETRØBBEL: Ampere sine avgangar mellom Lavik og Oppedal blei i morgontimane onsdag kansellert på grunn av vêret.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I dag har Ampere blitt liggjande over fleire avgangar fordi kapteinen ikkje kunne leggje ferja inn i ladeslusa på sørsida av Sognefjorden. Ferja må ladast mellom kvar tur, og vêret i dag gjorde at kapteinen måtte avbryte.

Seinast kom det melding frå Norled om at avgangen klokka 13.40 frå Oppedal og avgangen klokka 14.10 er innstilt.

– Når vinden er på nord-aust over tid og med noko styrke, så blir det sett opp bølger som slår mot den nye ferjekaia på Oppedal. Då vil fartøyet slingre litt og då er det fare for at det kan støyte borti ladetårna. Vi kan ikkje risikere skade på lademekanismen, så difor valde kapteinen å avbryte, seier regionsjef i Norled, Inge André Utåker til NRK.

Ukjend problem

– Var de klar over at dette kunne bli eit problem når den nye kaia opna på Oppedal?

– Vi hadde ei generell formeining om at når ladepunktet ligg såpass høgt over vassflata så skal det lite krenging til før det blir stor sidevegs rørsle. Men det verkar som at dette er heilt spesielle lokale forhold og bølgemønstre som gjer at sjøen setter inn mot kaia. Det hadde vi nok ikkje sett på førehand.

Inge Andre Utåker

JOBBAR MED SAKA: Regionsjef i Norled, Inge André Utåker.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vil finne tiltak

Norled-sjefen slår fast at ferjeselskapet skal gjere alt for å finne tiltak som hindrar at nordausten skal føre til fleire stogg for batteriferja som har gått mellom Lavik og Oppedal det siste året. Men han utelukkar ikkje at det kan skje igjen.

– Vi ønskjer å ha så god driftsmargin som råd er, og om det er mogleg å gjere tiltak som betrar evna til å oppretthalde funksjonen, så skal vi sjølvsagt setje i verk dei, seier Utåker.

Nøgd med utviklinga

Det har vore mykje snakk om ferja Ampere og dei ladeproblema ferja hadde særleg dei første månadene den var i drift. Men sett vekk frå vêrproblema dei støytte på onsdag, så meiner Utåker at no går alt så mykje betre.

– Generelt er vi veldig nøgde med utviklinga med Ampere. All teori syner seg å stemme og båten går utmerka i ruta. Men det som situasjonen i dag illustrerer er at vi kanskje har litt for liten margin i dårleg vêr. Vi arbeider for å finne ut om det faktisk stemmer og kva vi kan gjere med det.