Nominert til Heddaprisen

Reidun Melvær Berge frå Florø er nominert til Heddaprisen for beste kvinnelege skodespelar. Det er hovudrolla som Vibeke i teaterframsyninga «Alt det lyse og alt det mørke» på Sogn og Fjordane Teater ho er nominert for. – Det er heilt fantastisk og ganske uverkeleg. Det er noko av det største ein norsk skodespelar som driv med teater kan oppleva, seier ho. Sogn og Fjordane teater er også nominert for førestillinga «Engelen frå Kobane» i kategorien for beste ungdomsførestilling.

Reidun Melvær Berge
Foto: David Zadig / David Zadig