Hopp til innhold

Svært tøft, men positivt opphald i Tyskland

Etter eit lengre enn planlagt opphald i Tyskland for å få behandling for borrelia ser keepertalent Ane Fimreite lysare på framtida.

Ane Fimreite

POSITIVT: Ane Fimreite ser lysare på helsesituasjonen etter opphaldet i Tyskland, der ho har fått behandling for borrelia og fått konstatert hjarterytmefeil. Det unge keepertalentet er glad for å ha fått fleire svar. Biletet er teke på sjukehuset i Tyskland.

Foto: Mari Fimreite

– Det var verkeleg eit positivt opphald. Eg har fått litt fleire svar, seier Fimreite.

Etter å ha vore eit av dei største talenta i Noreg, der ho mellom anna spelte 14 seriekampar for Sandviken i toppserien i 2013, forandra kvardagen seg brått for Ane Fimreite då ho vart heilt slått ut av sjukdom.

Det legane ved Haukeland universitetssjukehus meinte var kyssesjuka, viste seg etter omfattande testing seg å vere borrelia.

Med hjelp frå to venninner, Ingvil Loftesnes Kvåle og Åsa Aaberge som starta ei Facebook-gruppe som til no har samla inn 160.000 kroner, fekk Fimreite behandlinga ho ynskte i Tyskland.

– Det hjelper ufatteleg mykje at folk vil støtte. Det gjer ting så mykje lettare. Eg vil seie tusen takk til alle, det er fint å vite at dei er der.

– Eit tøft opphald

Fimreite måtte til Tyskland for å prøve behandlinga sidan tilbodet i Noreg er lagt ned.

– Legen eg kom til fann ein haug av virusinfeksjonar, i tillegg til borrelia. Det er greitt å vite, og eg er glad for at eg fekk moglegheita til dette.

Men trass gleda; det var ikkje eit enkelt opphald i Tyskland.

– Eg merka behandlinga på kroppen. Det var som eg trudde og som eg hadde høyrt frå andre før. Ein vert dårlegare før ein vert betre. Det var tøft.

Hjarterytmefeil

På eit tidspunkt var ho svært dårleg. Faktisk baud opphaldet på så mange nye testar, at ho vart verande i Tyskland i åtte dagar lenger enn dei tre planlagde vekene.

Ho har hatt høg hjartefrekvens lenge, og måtte ta prøvar på eit kardiologisk sjukehus.

– Pulsen var på eitt tidspunkt 160 når eg låg i senga. Når eg måtte ta nye prøvar, utan at dei fortalde meg kvifor, vart eg litt uroa. Men dei fann ein hjarterytmefeil. Den kan kome frå infeksjonane eller at eg stogga treninga veldig brått. Forhåpentlegvis forsvinn det, men det er uansett godt å vite.

Ho måtte under opphaldet prøve fleire typar medisinar. Hjarta sa nei til den første, medan nyrene ville ikkje ha noko med den andre å gjere.

Til slutt fann dei likevel fram til ein medisin som keepertalentet tolte.

– Det ser lysare ut

Ho har mange ho vil takke. Både dei som har støtta ho økonomisk gjennom facebook-initiativet, og ikkje minst vener og familie.

– Mamma var der nede med meg heile tida, og både kjærasten min, søstera mi og pappa var på besøk. Det er kjekt og godt å ha familie og vener rundt seg.

På fredag kom ho heim att. Allereie laurdag møtte ho gamle lagvenninner i Sandviken, då ho såg kampen mellom Kaupanger og Sandviken.

– Eg tok meg energi til å kome meg på kampen, og eg klare å sjå ein omgang. Det er bra; ein opptur.

Elles har det vorte mykje sofa, for sjukdomen er på ingen måtte borte etter behandlinga. Ho skal no gå på ein tablettkur i åtte veker.

– Ein kan verte dårleg av tablettane. Ein vert som regel det, for ein får reaksjonar når ting skal ut av kroppen. Men så går det over, og då vert det mykje betre. Det er visst det som skal til, så då får eg gjere det, seier den optimistiske 20-åringen.

Akkurat no føler ho seg om lag som før ho reiste.

– Eg har liksom ikkje vore ute å jogga, men det var ikkje venta. Eg prøver å vere tolmodig. Det ser lysare ut, og me har trua. Det er godt å få svar.

Det er enno ikkje avgjort om Fimreite skal attende til Tyskland etter tablettkuren. Det avheng av korleis ho reagerer på behandlinga.