– Eg blir nok dårlegare før eg blir betre. Det kjenner eg, men eg trur det er verdt det, seier Ane.
Det heile starta for fire år tilbake. Sidan då har sogndølen så å seie hatt konstant hovudverk. For over eit år sidan vart det konstatert at ho hadde kyssesjuka, men i seinare tid har prøver vist at det er flåttsjukdomen borrelia som har ført til alle plagene. No er ho i Tyskland for å kjempe mot sjukdommen.
- LES OGSÅ: Samla inn 40.000 for å få Ane frisk
- LES OGSÅ: Har hatt konstant hovudverk i fire år
Har fleire virusinfeksjonar
For nærare to veker sidan starta to venninner av Ane ein innsamlingsaksjon for å hjelpe ho å dekke kostnader til eit behandlingsopplegg i Tyskland. No har det kome inn 130.000 kroner. Onsdag i førre veke reiste Ane nedover til Bad Neustadt, 160 kilometer utanfor Frankfurt, for å gi behandlinga eit forsøk.
– Det har vore mykje smerte og mange rare symptom. Men no ser det ut til at det er ein utveg, og eg trur dette opphaldet lovar godt for å kunne bli frisk, slik at eg kan leggje eit trasig år bak meg.
No ligg ho i ei seng på eit sjukehus i Tyskland for å forhåpentlegvis få den behandlinga ho ikkje kunne få i Norge. Medan NRK snakkar med ho kan ein høyrer lyden av medisinske apparat pipe og dure i bakgrunnen. Etter at ho reiste ned dit har ho fått vite at ho har fleire virusinfeksjonar, som ein kan få i samband med borrelia.
– Dei har dessverre ikkje funne ut så mykje i Norge. Vi har prøvd, men det kom ikkje noko ut av det. Då måtte vi ta saka i eigne hender. Vi tok nokre blodprøvar på private laboratorium, og så fekk vi svar, og då gjekk det litt av seg sjølv, eigentleg, fortel Ane.
(Artikkelen held fram under videoen)
TRUDDE DET VAR KYSSESJUKA: Her fortel Ane Fimreite om sjukdommen som legane først trudde var kyssesjuke. No viser det seg at det er borrelia.
Ligg stort sett i senga
Men at ho er komen til Tyskland og får behandling gir ingen garanti om at ho blir frisk. Likevel er Ane optimist.
– Det er veldig tidleg å seie om det vil hjelpe, men det er den einaste sjansen eg har for augneblinken, slik eg ser det. Det er verd eit forsøk, og eg har i alle fall trua.
Dagane hennar i Tyskland startar med blodprøvetaking før frukost. Deretter må ho opp igjen i senga og få medisin. Med seg har ho mor og søster, som besøker ho ofte på sjukehuset. Likevel ligg ho stort sett i senga, fortel ho.
– Heldigvis har eg med meg rikeleg med TV-seriar og filmar som eg kan sjå. Det er vel det dagane går mest i, utanom legevisittar. Det er ikkje veldig innhaldsrike dagar, men det visste eg på førehand, så det går bra.
Usikker kor lenge ho blir
Kor lenge ho blir verande i Tyskland, er Ane usikker på.
– Vi må sjå an korleis det går med behandlinga fram til neste veke. Kanskje blir eg lenger, og kanskje kan eg reise heim. Det er ikkje bestemt endå.
TALENT: Ane Fimreite var spådd ei lovande karriere som fotballkeeper. Ho har planar om å kome tilbake.
Foto: privatFør sjukdommen omtalte landslagstrenarar Ane som eit av landets største keepertalent i fotballen. Ho spelte på Arna Bjørnar i Bergen, før sjukdommen tvinga ho til å slutte.
– Det var tøft, og det er framleis tøft. Men eg prøver å tenkje at det berre er slik akkurat no, og at det ikkje er slik at eg aldri skal få ta i ein fotball igjen. Eg skal bli frisk, og eg skal tilbake på bana. Ting tar berre litt tid, og det er motivasjonen no, seier Ane.
Dyr behandling – mykje støtte
Ho bloggar om sjukdomen, og skjuler lite der. Det starta ho med fordi ho tenkte at det kunne gjere godt både for ho sjølv og dei rundt ho.
– Det har jo definitivt vore bra for meg å ha fått fortelje historia, og så har folk sett pris på det at dei får oppdateringar. Eg har ikkje brukt den så veldig mykje, eg kunne nok ha vore flinkare til å oppdatere den.
Dei tre første vekene med behandling kostar Ane mykje. Difor betyr det mykje at det til no har kome inn 130.000 kroner i innsamlingsaksjonen.
– Eg hadde aldri i mine villaste draumar tenkt at det kunne kome inn så mykje pengar. Det er heilt fantastisk at folk støttar meg, og eg må berre seie tusen takk til alle saman.
Vil ta kvardagen tilbake
Ho fortel at ho ikkje kjenner alle som har støtta ho.
– Eg har ikkje sett så mykje på kven som har gjeve, men eg har blitt fortalt at det både er privatpersonar, lag og bedrifter. Det er mange ulike som har gjeve, folk eg ikkje kjenner ein gong. Det har betydd utruleg mykje. Det hjelper meg på vegen til å bli frisk, og eg set utruleg stor pris på det, seier Ane.
Ho håpar no at behandlinga skal ta ho tilbake til kvardagen, sakte, men sikkert.
– Eg må ta det steg for steg, men eg må prøve å få meg ei utdanning og kome meg tilbake til Bergen og til fotballbana. Først og fremst ønskjer eg å ta tilbake kvardagen.