NRK Meny
Normal

No vil han lage katastrofefilm frå Sogn og Fjordane

Han er nettopp ferdig med ein grøssar, no vil sogndølen Einar Loftesnes lage katastrofefilm frå heimfylket med ein tunnelbrann som utgangspunkt.

Einar Loftesnes - produsent for Villmark 2

FRÅ SKREKK TIL KATASTROFE: Produsenten bak Villmark 2 har allereie planane klare for ein ny film. Denne gong

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Einar Loftesnes er produsenten bak storfilmen Villmark 2. Allereie før den har hatt sin offisielle norgespremiere, avslører Loftesnes at han saman med regissør Pål Øie har eit nytt prosjekt på gong.

– Vi ser no på eit manuskript til ein katastrofefilm som tek for seg tunnelbrannar, seier Loftesnes.

Harastølen vart litt for strigla

Det er enno langt fram før filmen vert ein realitet, men ambisjonen er som alltid at filmen skal bli lagt til Sogn, eller i det minste i Sogn og Fjordane.

– Eg prøver å legge alle mine prosjekt til Sogn. Der er det eg har min bakgrunn som historieforteljar, seier Loftesnes.

Harastølen frå villmark 2

SKREMMANDE: Ein rundtur på Harastølen, særleg i lett skumring, er ikkje for lettskremte.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Villmark 2 er delvis filma på Harastølen i Luster. Handlinga dreier seg rundt dei mystiske kreftene som byrjar å røre på seg når bygget skal gjerast klart til riving.

– Det er eit fantastisk bygg som har fått sitt forfall. Så det har blitt ein skummelt plass som fungerer godt i ein skrekkfilm, seier Loftesnes.

Størsteparten av scenene er likevel filma i Budapest, der Loftesnes seier det er lettare å finne gamle bygningar som enno ikkje er rivne. Utfordringa på Harastølen var at fleire av romma vart pussa opp for å huse flyktningar på 90-talet.

– Du har alltid følelsen av å vere på Harastølen, men for å skape den illusjonen trengde vi noko som såg eldre ut. Difor enda vi opp der nede slik at vi fekk filme slitne gangar og rom, seier Loftesnes.

Frå innspeling av Villmark 2

JUKSA LITT: Her er regissør Pål Øie og hovudrolleinnehavarane Anders Baasmo Christiansen og Ellen Dorrit Petersen på settet i Budapest, der brorparten av scenene var spelt inn.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Hekta på katastrofefilmar

Forgjengaren selde 150.000 billettar då den kom ut i 2003. Loftesnes kvir seg for å sette eit tal på kor mange dei no må selje for å seie seg nøgde.

– Vi håpar flest mogleg går og ser filmen, men vi har ikkje sett nokre tal på det, seier han.

Men eit anna mål har han klart føre seg.

– Det er å skremme vatnet av folk, seier Loftesnes.

Som no altså ser fram til å prøve seg i ein ny sjanger. Den storslåtte katastrofefilmen Bølgen har allereie gått sin sigersgang på norske kinoar og bana veg for andre som vil prøve seg.

– Det er det eg sjølv likar å sjå på kino. Eg ser stort sett alle katastrofefilmane som kjem ut, seier Loftesnes.