Hopp til innhold

No vil fleire bli kyrkjeverje

Førde kyrkjelege fellesråd har hatt det utfordrande med å finne ein ny kyrkjeverje for dei fire kommunane i indre Sunnfjord, det skriv Firda. Etter å ha berre fått to søkjarar, har dei lyst ut stillinga fleire gonger. No har dei endeleg fått seks stykk. Ein av søkjarane er fylkessekretær i Sogn og Fjordane Høgre, Ingvar Torsvik Myrvollen. – Eg ser det som ein interessant jobb, seier Myrvollen til avisa.

Ingvar Torsvik Myrvollen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK