Hopp til innhold

No startar arbeidet med å finne årsaka

– Over helga startar arbeidet med å finne årsaka til ammoniakklekkasjen på Fosshaugane Campus i går, seier Jakob Hornnes i Sognekraft.

Ammoniakkutslepp på Fosshaugane Campus

AMMONIAKKUTSLEPP: Fosshaugane campus vart fredag evakuert etter Ammoniakkutslepp.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mellom 150 og 200 personar vart fredag føremiddag evakuerte etter at det vart oppdaga gasslekkasje Fosshaugane Campus.

– Det første vi startar med er å reingjere golva i energisentralen, då demonterer vi også dei delane som har vore årsak til lekkasjen, seier Hornnes.

Lekkasjen skjedde i 10-tida fredag i fjernvarmeanlegget som skal varme opp og avkjøle Fosshaugane Campus. Lekkasjen vart raskt stogga etter at ein spesialteknikkar går var komen til staden.

Veit kvar lekkasjen oppstod

– Vi trur det skal gå greitt å finne årsaka, Lekkasjen vart raskt stogga , så då reknar vi med at det også skal gå greitt å finn ut kvifor, seier Hornnes.

Det står framleis att ei mindre mengde ammoniakk i røyra, og ein arbeider no med å få tømt dette. Det er framleis uvisst når bygningen kan takast i bruk att.

Nytt bygg

Bygget der lekkasjen oppstod er forholdsvis nytt, kring tre år gamalt. Hornnes seier dei førebels ikkje har nokon teori om kvifor det skjedde.

– Det er noko som vi må finne ut når vi byrjar å demontere dei delane der lekkasjen har vore.

–Får lekkasjen nokon konsekvensar for oppvarminga av bygget?

– Nei, vi har back up i form av elektrokjele, så det skal ikkje i få konsekvensar for vår levering av varme til bygget, så vi reknar ikkje med at kundane våre skal lide på grunn av lekkasjen, seier Hornnes.