Hopp til innhold

No skal turistane få sjå modellen dei har laga av Jostedalen

Elevane på Jostedal skule har brukt dei siste månadane til å lage ein modell av Jostedalen i isopor. No skal den stå utstilt på Breheimssenteret ut sesongen.

Isopormodell av Jostedalen

IMPONERANDE ARBEID: Modellen er over to meter lang og over ein meter brei, og syner heile Jostedalen frå fjord til bre, med fokus på kraftproduksjonen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Denne våren har elevane i femte til sjuande klasse hatt eit omfattande prosjekt om vasskraft i Jostedalen. Resultatet er ein stor isopormodell som i dag vart avduka.

– Når vi starta var vi alle ganske skeptiske til å lage eit så stort prosjekt av isopor. Men etter kvart så vart vi ganske nøgde med resultatet, seier Mathilde Nielsen Sagabråten, elev i sjuande klasse.

Elevane føler dei har lært mykje

Prosjektet har gått over fleire fag, og lagt beslag på timar i både samfunnsfag, naturfag, matematikk og norsk. Men rektor Mette Reinertsen er ikkje i tvil om at elevane har fått ubytte å jobbe med isopor.

– Eg har stor tru på tverrfaglege prosjekt. Verda er ikkje delt opp i skulefag, så det bra nå vi kan løyse litt opp i det, seier ho.

Bygde modell av dalen der dei bur

LÆRERIKT: Elevane Mathilde Nielsen Sagabråten og Kristi Bjorhusdal seier dei har lært mykje under arbeidet med modellen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Elevane er einige i at prosjektet har vore lærerikt.

– Vi har lært mykje om korleis elektrisk energi blir laga av vasskraft og så har vi lært litt lokalkunnskap og geografi, seier Kristi Bjorhusdal.

– Vi er glad i prosjekt og så går det over fleire fag, slik at vi slapp ein del timar. Men vi har lært mykje, seier Mathilde Nielsen Sagabråten.

Ein viktig del av bygda

Val av tema var ikkje tilfeldig. Jostedalen har høge fjell med mykje snø, i tillegg til breen, noko som gjer dalen til eit ideelt utgangspunkt for produksjon av kraft.

Elevane viser fram modell av Jostedalen

STOLTE ELEVAR: Modellen er laga av elevane frå femte til sjuande klasse, men også dei yngre elevane har bidrege på dei minste detaljane. Her viser dei stolte fram resultatet etter avdukinga.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Jostedal kraftverk har ei fallhøgde frå øvste magasinet på 1186 meter, den største fallhøgda for noko norsk kraftverk.

– Det er ei karakteristisk side ved bygda Jostedalen, som vi ser mange synlege teikn på rundt om. Så vi tykkjer ikkje det går an å gå ut av Jostedal skule utan å kunne mykje om vasskraft, seier rektor Mette Reinertsen.

Norman Kjærvik i Statkraft var òg til stades på avdukinga av modellen.

– Det er flott at elevane får kunnskap om kraftproduksjonen i sin eigne heimbygd. Slik sett var det lett å bestemme seg for å støtte dette prosjektet, seier han.