NRK Meny
Normal

No kontrollerer politiet våpenskapa

Politiet har no starta kontrollar med om folk har fått våpena sine i skap. Er det ikkje orden, kan det bli bøter på opptil 12 000 kroner.

Våpenskap

MÅ HA VÅPENSKAP: Frå 1. juli måtte alle ha godkjende skap til våpena sine.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Frå 1. juli måtte eigarar oppbevare skytevåpen, våpendelar og ammunisjon slik at uvedkomande ikkje får tilgang til dei.

Fleire manglar

Politiinspektør Ronny Iden seier det vil bli gjennomført kontrollar i alle kommunane i fylket. Kontrollane så langt har vist fleire manglar.

– Vi har avdekka at folk ikkje har våpenskap eller at skapa ikkje er godkjende, seier Iden.

Stikkprøvar

Det er lensmennene som er ansvarlege for kontrollane. Iden vil ikkje seie noko om kor mange dei skal kontrollere.

– Det vil bli stikkprøvar, men vi går ikkje ut med kor mange vi skal ha. Eg kan heller ikkje seie noko om kor mange som har fått bøter så langt.

Får varsel på førehand

Før politiet føretek kontroll, vil våpeneigane få eit skriftleg varsel om at det etter 48 timar vil bli gjennomført kontroll. Iden seier at det er våpen i mange heimar i Sogn og Fjordane fordi det er mange jegerar og aktive skyttarar.

– Vi reknar med at dei aller flesta har tinga i orden, men det er enkelte som har utsett investeringa.

Høge bøter

Dersom ein ikkje overheld reglane, kan våpenløvyet verte inndrege. I tillegg blir det gitt bøter.

– Dei vil liggje mellom 5000 og 12 000 kroner, alt etter kor mange våpen det er snakk om.

Må oppbevare det sjølv

Det er ikkje lovleg å lagre våpna sine hos vener eller familie som har godkjent skap.

– Dette er ikkje lov fordi folk skal ha kontroll på eigen våpen.

Dersom du arvar eit våpen må du være klar over at du ikkje arvar våpenløyvet. Då må du sjølv søkje om løyve. Ønskjer du ikkje å behalda våpenet, kan du selje det til nokon som har gyldig kjøpeløyve for våpen, våpenhandlar eller gje våpenet til politiet for destruering.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote