Hopp til innhold

No kjem det fem nye «Draumeplassar»

Innbyggjarane på Atløy, Bryggja, Stårheim, Aurland og Sunde i Førde kan allereie gle seg til no byrje å glede seg til å få ein Draumeplass i nær-naturen.

Troda 4H frå Davik sin Draumeplass.

REALISERTE: Troda 4H frå Davik i Bremanger var ein av Draumeplassen-vinnarane i 2015, og har sidan den gong laga denne flotte plassen.

Foto: Geir Aardalsbakke

4H Sogn og Fjordane har med støtte frå Gjensidigestiftelsen kåra dei fem vinnarane av Draumeplassen, ein konkurranse der ein vinn 100 000 kroner og prosjekthjelp til å realisere ein naturmøteplass.

– Naturmøteplassane skaper auka aktivitet i lokalsamfunna og får fleire ut i naturen. Dette er plassar som er opne for alle, og er kanskje spesielt viktige for unge og vaksne som ikkje er med på så mange andre aktivitetar, seier Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen og medlem av juryen for Draumeplassen.

Dei fem stadene er spreidd over heile fylket, og vinnarane har søkt tett samarbeid med andre lokale lag og organisasjonar som vil hjelpe til med å realisere naturmøteplassen.

Juryen fro Draumeplassen.

JURY: Dag Vea (prosjektleiar), Åge Avedal (4H Sogn og Fjordane), Hjørdis Vik (Gjensidigestiftelsen) og Kristina Støfring (4H Sogn og Fjordane).

Dei fem som står som hovudsøkjarar og vinnarar er Hei og Hå 4H på Bryggja i Vågsøy, Freidig 4H på Stårheim i Eid, Nærøyfjorden Verdsarvpark i Aurland, Fjellklang 4H på Sunde i Førde og Atløy 4H i Askvoll.

– Årets fem vinnarar er gode eksempel på grasrotmobilisering! smiler Dag Vea, som er prosjektleiar for Draumeplassen i 4H Sogn og Fjordane.

Han held fram:

– Vinnarane står fram som svært energiske og klare til innsats. Dei har dyrka fram eit sterkt lokalt engasjement og knytt mange gode samarbeid. Dette meiner eg er nøkkelen til at ikkje berre prosjekta vert realisert, men at plassane òg vert godt tatt vare på og flittig brukt i mange år framover.

4H-klubbane i Sogn og Fjordane har dei siste åra skapt mange naturmøteplassar i fylket.

Fylkeslaget har også gjennomført fleire større prosjekt, som mellom anna har resultert i nettsida www.naturmøteplass.no, der det finst gode eksempel på naturmøteplassar, byggepakkar og gode tips til bygginga. Med dei nye Draumeplassane vil det vere 50 naturmøteplassar i 4H si eige i Sogn og Fjordane.