Hopp til innhold

No tek Sveinung Rotevatn sjansen på å juble for stortingsmandat

Finteljinga er over, og dermed torer Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid å juble over at han og Venstre har sikra seg utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn

NO ER HAN SIKKER: Sveinung Rotevatn kan ta plass på Sogn og Fjordane-benken på Stortinget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det einaste som kan endre på det no er om det har skjedd ein feil, og det får vi først vite når den endelege godkjenninga kjem om nokre veker. Men no er nok mandatet Venstre sitt, og det er sjølvsagt noko eg gler meg veldig over.

– Så no kan du sleppe jublen laus?

– Ja, no kan eg sleppe jubelen laus, no er eg begynt å takke ja når folk gratulerer meg, og det er det veldig kjekt å kunne gjere.

– Veldig spennande

Alt i morgon er det gruppemøte i den nye Venstre-gruppa på Stortinget.

– Då skal vi legge grunnlaget for regjeringssonderingar neste veke, så her er det rett inn i realpolitikke. Dette blir veldig spennande.

Sveinung Rotevatn er framleis leiar i Unge Venstre, det vervet har han til han kan overlate det til andre i oktober.

– Dermed får eg ein liten dobbeltrolle i ein periode, men når Stortinget blir konstituert om nokre veker vil eg ta plass på Sogn og Fjordane-benken.