Hopp til innhold

No er vegen til Styggevatn opna igjen

Kring ein månad seinare enn normalen, opnar no vegen til Styggevatn i Jostedalen etter at skredfaren er nøye vurdert.

Styggevatn

OPNA: Vegen til Styggevatn, 1 200 meter over havet ved Jostedalsbreen, er no opna. – Det er òg bygd eigen sti frå parkeringsplassen under dammen opp til austre damfeste, og det er viktig at folk nyttar stien og ikkje bilvegen opp dit, seier Norman Kjærvik i Statkraft.

Foto: Statkraft

Vegen frå Fåberg, den fremste bygda i Jostedalen, til Styggevatn vart bygd som ein rein anleggsveg då Jostedal kraftverk og Styggevassdammen vart bygt på midten av 1980-talet.

Fleire stader er vegen utsett for skred. I år har svært store snømengd hindra opning i juni.

– Denne vinteren har vore svært spesiell, med til dels store snømengder i fjellet også her i Jostedalen. I tillegg ynskte vi å komme tidleg i gang med anleggsarbeida ved Styggevatn, seier informasjonssjef Norman Kjærvik i Statkraft.

Skredfaren er over

Dermed vart NGI engasjert for å kartleggje og syte for daglege vurderingar av snøskredfaren langs heile vegen frå mars til no.

Styggevatn

ANLEGGSARBEID: Statkraft har fått pålegg om å auke kapasiteten på noverande flaumløp over Styggevassdammen.

Foto: Statkraft

– No er konklusjonen at vegen er open for ålmenta og folk kan dermed ta turen opp til Styggevatn, seier Kjærvik og minner om at det er viktig å respektere skiltinga ved Styggevassdammen og å parkere på tilviste parkeringsplassar.

Statkraft er i full gang med eit omfattande anleggsarbeid ved Styggevatn, tett inntil Jostedalsbreen kring 1 200 meter over havet.

Byggjer nytt flaumløp

Etter pålegg frå NVE byggjer Statkraft nytt flaumløp på Styggevassdammen, inntaksmagasinet til Jostedal kraftverk.

Kraftverket produserer årleg straum for kring 44 000 husstandar.

– Vi sprengjer ny tunnel, byggjer nytt og større flaumløp og etablerer ein større overløpsterskel. Hydrologiske utrekningar fortel at framtidige flaumar blir større og hyppigare enn ein la til grunn då Styggevassdammen vart bygd på slutten av 1980-talet, difor er det no naudsynt å gjere dette arbeidet, seier Kjærvik.