Hopp til innhold

No er vidundermaskina på plass

Fjordglas i Luster har brukt 20 millionar kroner på den mest avanserte produksjonsmaskina for vindauge i Europa.

Vindaugefabrikken Fjordglas i Luster investerer 20 millionar kroner i den mest avanserte produksjonsmaskina for vindauge i Europa.

SJÅ VIDEO: Her kjem traileren med noko av produksjonsutstyr. Tilsaman ventar Fjordglas ni trailerar med ustyr.

– Vi går frå 1. divisjon til eliteserien innan vindaugeproduksjon, fortel logistikksjef Øystein Veum ved glasfabrikken.

Bedrifta i Indre Sogn har 20 mann i arbeid og tala for 2011 var gode. Men ei investering var eit heilt naudsynt grep for verksemda.

– Dette er framtida for oss. No kan vi møte dei nye krava i byggjebransjen. Det er også ei veldig fleksible maskin, slik at den kan lage det vi ønskjer. Alle delane kan bli produsert i 3D før sjølve vindauge blir laga, seier han.

Ni trailerar med utstyr

Den nye maskina dekkjer 400 kvadratmeter. Den kan brukast til alt frå kapping til det ferdige produktet. Det betyr at glasa slepp å gå innom fleire stasjonar.

Veum fortel at det har kome fire trailerar med utstyr og det er venta fem til neste veke.

– Det er mykje utstyr som skal på plass og det blir lange dagar på mange av oss. Heile maskinen tek 400 kvadratmeter i produksjonslokalet, fortel han.

Totalt dreier det seg om 20 millionar kroner til sjølve maskinen, opplæring og ombygging. Luster kommune har bidrege med 700.000 kroner i tilskot og tre millionar kroner i rentefritt lån til investeringa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordglas

OPP EIN DIVISJON: Med den nye maskinen på plass, blir Fjordglas den mest moderne i Europa.

Foto: Øystein Weum

Full produksjon frå hausten

Fire italienarar skal vere i bygda i tre veker for å setje den opp. Etterpå kjem eit omfattande arbeid med programmering.

– Deretter blir det nokre månader med testing for å luke vekk barnesjukdommar. Eg trur den nye maskinen er klar til full produksjon i månadsskiftet september/oktober.

Men den nye maskinen på plass, får Fjordglas den mest moderne vindaugelinja i Europa. Veum fortel at den blir eit fantastisk verktøy for dei framover.

– Den kan jobba både før vi kjem på jobb og etter vi har gått heim. Vi kan programmere slik at maskinar jobba til ni-ti om kvelden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordglas

LANGE DAGAR: Desse karana jobbar seint og tidleg for å få alt på på plass.

Foto: Øystein Veum

Satsar på hyttemarknaden

Med dette sparar dei to-tre årsverk, men Veum seier ingen skal miste jobben.

– Den ekstra kapasiteten vi får, skal brukast til å auke opp produksjonen vår. Vi skal satse på større kundar og nye produkt.

Den nye maskinen erstattar tre-fire andre som dei har i lokalet i dag.

– Vi sender inn ein laminatbit og når produktet kjem ut, er det berre maling og samansetjing som står att. Til og med impregneringa blir gjort der inne.

Fjordglas har merka auka interesse etter nyheita om maskinen har nådd dei som byggjer hus og hytter.

– Vi har mange kundar på Austlandet. Dei følgjer med og tykkjer det er spennande. No tek vi sikte på hyttemarknaden på Gol, Geilo og i Hemsedal. Det er også store husleverandørar i Sogn som har hengt seg på.