Sjølv om det kostar er dette eit heilt nødvendig grep for den vesle bedrifta. Det handlar om å investere, eller gå sakte til grunne, fortel Robert Veum som er dagleg leiar.
– Dette er eit løft for oss. Vi kunne klart å drive slik vi gjer i dag i fire-fem år til, men då er eg redd vi hadde måtte spikre att dørene og reise heim, seier han.
Investerer trass tøffe tider
Den familieeigde vindaugefabrikken i Luster hadde eit godt år i fjor. I 2011 omsette dei for 35 millionar kroner og leverte ei resultat på fem millionar kroner i resultat. 20 mann er i stabilt i arbeid, men dei har likevel fått merke finanskrisa indirekte.
Dagleg leiar Robert Veum fortel at finanskrisa førte til mykje tøffare konkurranse i innlandsmarknaden.
– Marknaden i Europa er dårleg for dei store norske fabrikkane, og no støvsugar dei den norske marknaden, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Skal gjere alt med ei maskin
Fjordglas sitt svar er å investere 20 millionar kroner i ei spesialkonstruert produksjonsmaskin. Den har teknologi det ikkje finst maken til i Europa
– Den nye maskina vil dekke om lag 400 kvadratmeter. I den skjer alt frå kapping til det ferdige produktet, på den måten slepp du innom fleire stasjonar, forklarar Veum.
I går vedtok kommunestyret i Luster å løyva 700.000 kroner i tilskot og tre millionar kroner i rentefritt lån til investeringa. Med det fall den siste brikka på plass.
– Vi har hatt litt pengar på bok. Med stor eigeninnsats, og bra finansiering ser det eigentleg ut til at vi kan vere gjeldsfrie om vel fem år, slår Veum fast.