No er russefeiringa i gang

Russen har for alvor starta feiringa av sitt siste år ved den vidaregåande skulen. I løpet av natta måtte politiet dempe festande russ i Måløy og Florø.

Allereie like over midnatt fekk politiet melding om støy og høg musikk frå Øyna i Måløy. Då politiet kom fram viste det seg at det både var russ og andre til stades.

Festen roa seg og løyste seg etter kvart opp då musikken vart skrudd av.

Eitt par timar seinare fekk politiet melding om musikk og bråk ved den vidaregåande skulen i Florø. Også her var det russ som måtte dempast av politiet.

Ingen av sakene blir følgde ytterlegare opp.

NRK anbefaler

Brannvesenet fleire stader manglar utstyr til å ta seg opp i høge bygningar.
Nizar Alkoran feirar at han har fått opphald i Norge. Frode Forfang i UDI og statsråd Sylvi Listhaug forklarer at dei no får søknadane raskt unna.
Først til Gloppen der heradshuset på Sandane brann i natt. Over tjue brannmenn kjempa mot flammane, men måtte gje opp kampen for å berga kommunestyresalen.