NRK Meny
Normal

No er rulleskianlegget eitt hakk nærare realitet

Langeland ski- og fritidssenter er tildelt 2,2 millionar kroner av programsatsingsmidlane til det planlagde rulleskianlegget. Dermed er anlegget eit stort steg nærare realisering.

Langeland Skisenter

IKKJE BERRE PÅ SNØ: Når rulleskianlegget står ferdig, blir det gode treningsanlegg på Langeland ski- og fritidssenter heile året.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er kjempebra. Vi har jobba med at Sunnfjord endeleg skal få rulleskianlegg i lengre tid. Dette svaret gjer til at ein fjerdedel av finansieringa er i orden, seier styreleiar i Langeland skisenter, Kjetil Bjørset.

Men ein såpass stor sum på plass, vert også jobben med å finne andre investorar lettare, seier Bjørset.

– Vi må ha fullfinansiert prosjektet før vi kan setje i gang. Så det er litt midlar som må på plass. Men det betyr mykje å bli prioritert på denne måten, seier Bjørset.

Håpar på byggjestart neste haust

I løpet av hausten skal det søkjast om spelemidlar.

– Viss alt klaffar, kan vi ta til med anleggsarbeidet neste haust. Det er det som er arbeidsplanen, seier Bjørset.

Truleg står anlegget klart i 2017.

Bjørset understrekar at dette er biten ein manglar for å ha eit komplett skisenter på Langeland.

– Skisenteret er eigd av idretten i Gaular og Førde. Med tanke på rekruttering og utvikling av sporten, er eit rulleskianlegg veldig viktig, seier Bjørset.

Han peikar på at eit rulleskianlegg også er viktig for tryggleiken til utøvarane.

– Det er ein del av argumentasjonen for å byggje slike anlegg. Det er viktig å få aktiviteten vekk frå trafikkerte vegar. Det er alle interessert i, seier Bjørset.

Er komne skikkeleg i gang

Langeland ski- og fritidssenter er eigd 50/50 av Førde idrettslag og Gaular idrettslag.

Leiar i langrennsgruppa i Gaular, Anne Lilleåsen, er også svært glad for tildelinga.

– Prosjektet er kostnadsrekna til 8,1 millionar kroner, så dette er kjempeviktig, seier Lilleåsen, som også står på andreplass på Høgre si liste i Gaular.

– Vi i Høgre-gruppa kjem også til å jobbe aktivt for at vi skal vere med å delfinansiere dette, seier Lilleåsen.

Planen er å asfaltere den kortaste langrennstraseen på to kilometer i dag.

– I tillegg til at vi har søkt tippemidlar, kjem både Gaular og Førde idrettslag gå inn med om lag fem prosent. Det utgjer 405.000 kvar. I tillegg må ein del andre midlar på plass, seier Lilleåsen.

– No er vi i gang, og det er svært gledeleg, seier Lilleåsen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser