Hopp til innhold

No er ho snart klar med første plate på norsk

Line Dybedal har gjort seg godt kjend både som soloartist og frå si tid i bandet «The Pink Robots». Men det neste albumet blir det første med låtar på nordfjorddialekt.

Line Dybedal under julelutt i Høyanger

PLATEKLAR: Line Dybedal har hatt ei travel tid før jul i år, og like travelt blir det etter jula. For på nyåret slepp ho debutalbumet. I tillegg skal ho bli mor i februar.

Foto: NRK

Så langt har Line Dybedal frå Selje gjeve ut fire singlar på dialekt. I januar debuterer ho med eit soloalbum på norsk.

– Ja, det albumet er snart klart, så det blir utruleg kult. No skal eg ikkje gi den ut fysisk, så eg får ikkje den kjensla av å halde den i handa, men eg kan i alle fall ta på den på skjermen, så det blir kult, seier artisten.

Ekstra hektisk førjulstid

Dybedal skildrar seg sjølv som ein person som er over snittet glad i jula, men dette året har jula kome brått på.

– Som musikar så er det hektiske månader i oktober, november og desember. Då er det fullt køyr, men i år har det vore ekstra mykje med album som skal bli ferdig og mykje konsertar, så eg har ikkje fått den oppkøyringa eg brukar å ha.

– Men når jula først kom så har det vore veldig herleg og avslappande, seier ho.

Blitt glad i å skrive julesongar

Dei siste månadane, og særleg i desember, har Dybedal kanskje vore mest kjend for julemusikk, med låten «Eit evig ønske». Den starta ho på allereie i sommar.

– Det er litt rart, for det krev litt å komme inn i stemninga. Det krev litt å late som at det er snø og at det luktar ribbe i huset.

Det starta då ho vart utfordra av ei venninne for fire år til å skrive ein julelåt. Og slik vart det.

– Det fungerte veldig fint. Eg vart lista på nasjonal radio med «Vinterkveld». Eg trur at i og med at eg er så glad i jula så kjem det naturleg og eg kosar meg så inderleg når eg gjer det, fortel ho.

Plateslepp og fødsel

Førjulstida har i stor grad vore prega av arbeid med det nye albumet, men Dybedal har også andre ting å sjå fram til. I februar skal ho bli mamma for første gong.

– Det er veldig spennande. Eg er veldig glad for at ein får så lang tid på å førebu seg på det, ni månader. Eg gler meg utruleg masse. Det blir ei spennande tid.

Men ho er ikkje uroa over at det kan bli litt mykje med både baby og plateslepp på same tid.

– Han eg er gift med og mamma er sikkert litt redde for det, men eg får berre ta det som det kjem. Eg veit ikkje anna.