Hopp til innhold

No er dei Sogndalspelarar

No er Aase-brørne Sogndalspelarar. Dei skreiv under kontraktane på ein pressekonferanse tidlegare i dag.

Peter (t.v.) Aase, Tore André Flo og Stefan Aase skriv under kontrakten.

Peter Aase (t.v.), Tore André Flo og Stefan Aase skriv under kontrakten.

Foto: Arve Uglum / NRK

Peter og Stefan Aase er klare for Sogndal. Rykta har vore mange spesielt den siste veka, og no er dei also klare for tippeligaklubben.

Kontrakten skal innebera at dei skal trena fast med Sogndal i haust, men spela for Florø i 3. divisjon.

– Veldig glade

Overgangen vert fullført med verknad frå 1. januar 2012. Tvillingane flyttar til Sogndal i august for å byrje på Sogndal VGS, og tek då del i treningsgruppa til tippeligalaget. Klubbane er samde om at brørne skal spele haustsesongen for Florø SK Fotball i 3. divisjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stefan (t.v.) og Peter Aase

Stefan (t.v.) og Peter Aase på si nye heimebane: Fosshaugane Campus.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Dette er framtida til Sogndal Fotball. Vidareutvikling av talent har vore og skal vere klubben sitt varemerke, og det er viktig for oss at dei mest talentfulle ungdommane frå fylket ynskjer seg til Sogndal, seier styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness, i ei pressemelding.

Aase-brørne er ein del av den gode og lovande 1995-generasjonen frå Florø. Brørne er allereie etablerte nøkkelspelarar for Florø sitt 3 div. lag og deltaking på G15 og G16 landslag stadfestar at dei har høgt nasjonalt nivå for si aldersgruppe.

Rosar prosessen

Egil Mundal

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, rosar både Florø og generalsponsoren Sparebanken Vest:

– Me har blitt fantastisk godt mottekne i Florø, og me har blitt imponert over både måten dei jobbar og tenkjer, og måten dei har sett seg inn marknaden med tanke på overgangen. Det har vore ein ryddig og svært konstruktiv dialog mellom klubbane, seier Mundal i pressemeldinga.

Dei siste åra har Florø SK Fotball lagt ned ein betydeleg innsats i å utvikle lag og enkeltspelarar med høgt dugleiksnivå.

Kvalitetsspelarar

– Når me no har bygd det me treng av fysiske fasilitetar og kompetanse, har me moglegheit til å fokusere 100% på sportsleg utvikling i åra som kjem, seier sportssjef i Sogndal, Trond Fylling

Han er sikker på at Fosshaugane Campus vil vera ein flott utviklingsarena for dei to unggutane, då dei óg skal gå på skule på anlegget.

– Kombinasjonen anlegg, ungdom og internasjonale referansar vert ein katalysator på utviklinga. Me har gjennom fleire tiår produsert internasjonale fotballspelarar, og slik me riggar oss no ligg alt til rette for at me skal levere også i åra som kjem, seier Fylling.

Stolt

– Det er Florø Sk Fotball sin haldning at unge talentfulle spelarar, skal få høve til å søke utfordringar på eit høgare sportsleg nivå enn det som vår klubb kan tilby., seier styremedlem Kjetil Søvik i Florø SK Fotball i pressemeldinga.

– Me er særs stolte av Peter og Stefan, og glade for den moglegheita dei får til å utvikle seg vidare i Sogndal, fortset Søvik.