Hopp til innhold

No er bunkeren frå krigen snart historie

Ein bunker frå krigen er no i ferd med å bli riven på toppen av eit sandtak i Førde. Årsaka er at den kunne rase ned.

Riv bunkers frå krigen

SNART VEKKE: Måndag starta arbeidet med å meisle vekk bunkeren frå krigen. Slik ser den ut onsdag etter to dagar med meisling.

Foto: Johan Moen / NRK

Bonde Svein Erik Hafstad

VIL HA DEN VEKK: Grunneigar Svein Erik Hafstad seier bunkeren blei riven fordi den stod utsett til.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Sentrumsnært og rett ved sida av E39 på Hafstadflata i Førde, står ein bunker frå andre verdskrig. NRK.no omtalte bunkeren for to år sidan då Sigbjørn Løland Torpe i historielaget i Førde meinte det måtte gjerast noko for å ta vare på bunkersen.

Men måndag starta arbeidet må å rive krigsminnet. Grunneigar Svein Erik Hafstad seier bunkersen blir knust fordi den står i fare for å rase ut.

– For eit år sidan var vi i møte med Førde kommune. Dei fekk tilbod om å overta den, men ville ikkje ha den. Vi fekk beskjed om at den skulle vekk sidan det står utsett til, seier Hafstad.

Solide saker med mykje betong

Bunkers i Førde

SOLID: Det er brukt mykje armeringsjern i bunkeren frå andre verdskrig.

Foto: Johan Moen / NRK

Måndag denne veka blei arbeidet med å fjerne bunkeren sett i gang. Det er ein tidkrevjande jobb.

– Vi snakkar om mykje betong, så den er solid. Veggane er tjukke og den veg visst 60 tonn. Dei som har laga den har gjort skikkeleg arbeid.

Bunkeren står på grus og sand, og det er fare for at den kan rase utfor. Difor må dei vere forsiktige og meisle den.

– Vi har pigg på gravemaskin, som vi hakkar betongen med. Eg trur det går ei veke før den er heilt vekke, seier Hafstad.

Glad den blir vekke

Sjølv om Hafstad må bruke ein del pengar på jobben, seier han det er ein fordel at krigsminnet frå 2. verdskrig blir rive.

– Bunkeren er ikkje freda, og det er eg som eig den. Den har ikkje vore i bruk til nokon ting. Kommunen seier det er fare for folk som går opp der. Det er også eit sandtak med mykje verdiar, så det er greitt at den forsvinn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bunkers på sandtak

PÅ TOPPEN AV SANDTAKET: Slik har den lege sidan andre verdskrig. Men mykje sand og grus har blitt henta ut og no stod den i fare for å rase ut.

Foto: Sigbjørn Løland Torpe

– Skulle søkt om rivingsløyve

Plan- og bygningssjef Odd Harry Strømsli i Førde kommune seier dei ikkje har fått søknad om rivingsløyve på krigsminnet.

– Her skulle det vore søkt om lov til å rive. Det er ikkje gjort. Vi har hatt møte om bunkeren tidlegare, men det blei ikkje fatta noko skriftleg vedtak.

Han seier både fylke og kommune har diskutert kva som skulle gjerast med bygget frå krigens dagar, men at ingen har vist vilje til å gjere noko.

– Av tryggingsgrunnar måtte det gjerast noko. Den var ikkje freda, og vi ville nok gitt positivt svar på ein søknad frå grunneigaren sidan det var fare for at bunkersen kunne rase ut, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bunkers på sandtak i Førde

BRATT NED: Bunkeren står på eit sandtak som er regulert for masseuttak. Dette var eit tungt væpna anlegg under krigen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Må søkje i ettertid

Strømsli seier grunneigar Svein Erik Hafstad vil få eit brev der han blir beden om å søkje i ettertid.

– No er skaden skjedd, og den er ikkje reversibel. Men det må liggje føre eit skriftleg vedtak, og difor må han søkje i ettertid om løyve, seier Strømsli.

Grunneigar Svein Erik Hafstad seier han har fått munnleg beskjed om at den skulle vekk.

– Eg skal søkje i ettertid, det er heilt greitt det. Men eg tykkjer det er greitt å få fram at det er min bunker, ingen har vist interesse og ingen har hatt nytte av den.

Steinbrot

AKTIVITET: Like nedanfor bunkeren er det eit steinbrot der det blir henta sand og stein.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK