Hopp til innhold

No er brannvesenet i Lærdal endå betre rusta

Etter at skum synte seg å vere svært så effektivt også mot husbrann, har brannvesenet i Lærdal fått bygd om den eine tankbilen sin.

Ombygd tankbil ved Lærdal brannvesen

FERDIG: Den ombygde brannbilen er klar til bruk i slutten av neste veke.

Foto: Braco

– Tankbilen vår hadde ein tankt på 12.500 liter vatn. No har vi kutta ned på talet liter, og bygd på skumutstyr. Dermed er bilen ein fullgod skumbil, seier brannmeister i Lærdal, Guttorm Gullaksen.

I januar 2014 tok det til å brenne i eit hus i Lærdal. På grunn av kraftig vind, spreidde flammane seg til store delar av Lærdalsøyri.

Det tok mange timar før brannen var under kontroll. Totalt var 681 personar evakuerte frå heimane sine. 446 var til legesjekk, men til alt hell omkom ingen under brannen.

42 bygningar, av dei 17 bustadhus, brann ned til grunnen, i tillegg til at mange andre bygg vart skadde.

Ein skumbil, som til vanleg held til ved Sogndal lufthamn Haukåsen, skulle syne seg å verte svært så effektiv i kampen mot flammane. Skummet, som var berekna til å sløkkje flybrannar, er brannhemmande, og gjorde difor til at hus ikkje tok fyr.

Har kanon på taket

No er brannvesenet i Lærdal sjølve utstyrte med dette.

– Bilen har kanon på taket som kan styrast innanfrå bilen. Vi har også tre skumuttak på utsida som vi kan setje vanleg slange på, seier Guttormsen.

Han legg ikkje skjul på at ombygginga er gjort etter at ein såg kor effektivt skum var mot storbrannen i 2014.

Kanonen i drift

FULL FRES: Denne kanona, som er på taket av brannbilen, kan sprøyte ut både vatn og skum, alt etter behov.

Foto: Braco

– Vi har brukt skum manuelt, men dette er mykje lettare. Vi har også hatt ein del brannar både i bilar og lastebilar, så vi reknar med at vi skal kunne utføre jobben vår i slike situasjonar betre enn før med denne bilen. Vi slepp faktisk ut av bilen, og kan berre køyre fram og sløkkje, dersom det er det som trengst, seier Gullaksen.

Han seier at skumbilen kan nyttast til fleire ting.

– Kanonen kan brukast både på hus og brennande køyretøy, og den kan faktisk brukast på grasbrannar. Vi kjem til å nytte bilen til det meste som gjeld brannslokking, seier Gullaksen, som trur dette vert den nye favorittbilen til brannvesenet.

Guttorm Gullaksen

NØGD: Brannmeister Guttorm Gullaksen i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand

Kjem i drift neste veke

– Vi trur dette blir eit veldig godt verktøy som vi har stor tru på, seier Gullaksen.

Bilen kjem til å vere i drift frå midten av neste veke.

Dagleg leiar i Braco, Einar Glenthøj, seier jobben med å oppgradere tankbilen har teke vel fire månadar.

– Brannvesenet i Lærdal såg at dei hadde nytte av ei slik oppgradering. Med det som er gjort no vil eg seie at beredskapen i lærdal er monaleg styrka med tanke på større brannar som brann i hus og bilar, samt lastebilar, seier Glenthøj.

Oppgraderinga har kosta 550.000 kroner.