NRK Meny
Normal

Norled vann anbod: No blir det fleire batteriferjer i Sogn

Jubelen stod i taket i Norled sine lokale i går. Ferjeselskapet danka ut sin argaste konkurrent og får om lag fullstendig dominans i ferjetrafikken i Sogn. Batteriferjene vil for alvor gjere sitt inntog.

MF "Sogn", Manheller-Fodnes

UT MED FJORD1: Frå 2020 vert det Norled og batteriferjer som vil gjelde på sambandet Manheller – Fodnes.

Foto: Anna Gytri / NRK

Selskapet Norled vann konkurransen om både sambandet Manheller – Fodnes og trekantsambandet Hella–Vangsnes–Dragsvik.

– Vi vart kolossalt glade. Det er ein enorm glede hos oss, seier Lars Jacob Engelsen, viseadministrerande direktør i Norled.

Dei ringde med skipsbjella og jubla då dei tok imot beskjeden, fortel Engelsen.

– Sjølv om vi er eit stort selskap som omset for 2,3 milliardar og har 80 fartøy så betyr dette kolossalt mykje for oss.

Ladbare ferjer

Norled var først ute med batteridrivne ferjer, på sambandet Lavik–Oppedal lengst ute i Sognefjorden. No kjem batteriferjene for alvor inn på andre samband.

Norled opplyser at det på Manheller–Fodnes vil det kome batteriferjer som vil ta 120 bilar kvar. Også på trekantsambandet HellaVangsnes–Dragsvik vert det batteriferjer, totalt tre ferjer med ein samla kapasitet på minimum 200 bilar.

– Dette er eit viktig område for oss og det vert fleire elektriske ferjer på Sognefjorden. Vi har ganske mykje aktivitet i fylket og er stolt over det.

– Bittert

Konkurransen mellom Norled og Fjord1 var svært tett. På kontrakten til over 1,8 milliardar var skilnaden på dei to anboda berre rundt 3 millionar kroner. Fjord1 legg ikkje skjul på at tapet er bittert.

– Norled er bitte litt billegare enn oss, det er utruleg liten skilnad, men dei snik seg framfor oss med eit lite hestehovude, så langt, seier regionleiar Tor Kristoffersen.

Han seier Fjord1 vil no be om innsyn i tildelinga for å vurdere om dei skal klage på avgjerda.

Kristoffersen vil ikkje spekulere i kvifor dei tapte, eller kva konsekvensar det får for selskapet.

– Det er ei relativt stor kontrakt for Fjord1, men vi konkurrerer om mange kontraktar i heile Noreg, så det er ikkje sikkert at det vil ha nokon langsiktige konsekvensar for Fjord1.

– Det er sjølvsagt bittert.

Svelefeiring

Samstundes gjev Engelsen honnør til dei som må sjå seg slått av Norled, nemleg argaste konkurrent Fjord1.

– Vi har ein enorm respekt for Fjord1, deira høge profesjonelle nivå og deira store bidrag i miljødugnaden i ferjebransjen.

No blir kontraktsigeren feira.

– Det vert vel med ei ordentleg ferjesvele, ler Norled-sjefen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune