Hopp til innhold

Store kutt i Florø vil råke bedrifter i mange andre kommunar i fylket

NHO går no ut og set klare krav til Statoil om å oppretthalde sin aktivitet på oljebasen i Florø. Dei må syne samfunnsansvar, meiner næringslivsorganisasjonen.

Jan Atle Stang og Fjordbase

SET KRAV: Jan Atle Stang, direktør i NHO, er klar på at Statoil har eit ansvar for å halde aktiviteten oppe på minst same nivå som i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/Ottar Starheim / NRK

250 arbeidsplassar kan forsvinne dersom Statoil vel å leggje ned sin aktivitet på oljebasen i Florø.

Det vil og råke bedrifter i andre kommunar i fylket. Det kjem fram i ein rapport frå konsulentselskapet PWC, som vart lagt fram i kystbyen i dag. No må Statoil syne samfunnsansvar, meiner NHO.

– Eg vil seie at det er svært dramatisk når så mange arbeidsplassar kan forsvinne. For kvar arbeidsplass så kan ein gange det med tre. Ofte er dette arbeidsplassar knytt til større familiar, som då vil flytte ut dersom dette blir ein realitet, seier NHO-direktør Jan Atle Stang, til NRK.

– Enormt ansvar

Han peikar på at Statoil har eit enormt samfunnsansvar som ein stor delvis statleg eigd aktør.

– Dei rammevilkåra som dei forventar andre skal gje dei, må dei gje lokalsamfunna. Flora-samfunnet og Sogn og Fjordan er eigentleg ein David i dette spelet her. Det er styresmaktene nøydde til å ta omsyn til, når dei skal forvalte Statoil som ressurs for nasjonen, meiner Stang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Hollevik

DRAMATISK: Bjørn Hollevik, leiar i Flora industri- og næringsforening, meiner at det vil verte svært dramatisk for både kommunen og regionen om Statoil vel å trappe ned i Florø

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dramatiske tal

Han får full støtte frå ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen (H), som også meiner at tala som kom fram tidlegare i dag er dramatiske.

– Det vil vi formidle neste gong vi har møte med dei, Men når det er sagt, så må vi samtidig ha fokus på å vise at vi er konkurransedyktige, og at vi er det beste alternativet for Statoil til å drive si forretningsverksemd i Nordsjøen på best mogleg måte, seier Solheim-Olsen.

Tek saka politisk

Høgre i Flora har alt mellom anna vore i kontakt med stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, om denne saka.

– Det blir jo noko som heile miljøet og politikarar både lokalt og regionalt må vere med og syne fram for Statoil, sler ordføraren fast.

– Må vidareføre verksemda

Leiar i Flora nærings- og industriforening, Bjørn Hollevik, meiner også at Statoil bør og må vere heilt sentrale i arbeidet med å byggje opp oljeservice-miljøet i kystbyen, i staden for å leggje det ned.

– Vi ønskjer å vere eit tilflyttingsfylke. Statoil har som samfunnsaktør ein viktig jobb med å gripe tak i og vidareføre den verksemda vi har lagt til rette for ved å stille vår utmark til disposisjon, seier Hollevik.

– Forstår at det er frykt

Statoil har så langt vore varsame med å gje kommentarar til planane om nedtrappingar og endringar i kva aktivitet dei skal ha i Florø i framtida. Men i dag slo informasjonssjef Ola Anders Skauby fast at det uansett ligg fram i tid.

– Vi forstår at det er frykt og utryggleik når vi snakkar om å gjere endringar. Det som er viktig for oss er at vi held fram den gode dialogen vi har med dei involverte partane. Det vi jobbar saman med desse om er å finne løysingar som kan møte framtida sine behov, seier Skauby.