NHO og LO er uroa over Elkem

Både NHO og LO er uora over at Elkem får nye utanlandske eigarar.

Smelteverk i drift

SKEPTISKE: NHO og LO er skeptiske til salet av Elkem.

Foto: Hilde Zahl / NRK

I dag vart det kjent at Elkem er selt til China National Bluestar for tolv milliardar kroner.

Skeptiske til salet

Arvid Langeland i LO seier det er grunn til å vere skeptiske til salet, og stiller seg mange spørsmål.

– Kva er framtida? Vil dei utvikle bedrifta vidare? Dette blir ein prøvestein på korleis kinesarane vil forhalde seg til ein heilt anna kultur. Korleis vil dei forhalde seg til den norske modellen for samarbeidsklima? Korleis blir relasjonen mellom Norge og Kina?

– Vi er i grunn ganske skeptiske. Elkem har vore i norske hender i fleire mannsaldrar. No er dei plutseleg over i kinesiske hender, seie Langeland til NRK.no.

Likar ikkje at eigarskapet er lagt borge

Også regiondirektør i NHO, Karin Halle, er skeptisk til salet.

– Det er ikkje bra når ressursane våre ligg i andre sine hender, og det er også veldig bekymringfullt at eigarskapet er så langt borte, seier Halle.

Ho seier ho er bekymra fordi ho ikkje veit korleis kinesarane vil ta vare på lokalsamfunna der Elkem har fabrikkar.