Hopp til innhold

Nektar straffskuld i gruppevaldtekt

I juni i fjor vart tre menn arresterte og sikta for gruppevaldtekt av ei kvinne i Sogndal. To medtiltalte vart der dømde til lange fengselsstraffer for gruppevaldtekt, skriv Sogn Avis. Mannen som no nektar straffskuld, skulle eigentleg ha svara for den alvorlege tiltalen i februar, men då møtte han ikkje fram i Sogn og Fjordane tingrett.

Sogn og Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK